Fenrisulven

Fenrisulven var eit av Lokes merkelege barn. Etter kvart som han voks opp skjøna gudane at Fenrisulven var ganske farleg. Derfor tenkte dei at det var best med bandtvang.

Bildet kan inneholde: kunst, illustrasjon.

Ty og Fenrisulven teikna av John Bauer i 1911. Public Domain

Korleis kan ein binde fast Fenris?

Problemet var berre å lure Fenrisulven til å la seg binde. Fyrst tok dei ei tjukk lenkje og erta Fenris med at han nok ikkje ville klare å bryte seg ut av den. Fenris var sikker på at han kunne det og lot seg binde. Fyrste gongen Fenris rykte i lenkja gjekk den i bitar.

Etterpå laga gudane ei dobbelt så sterk lenkje og bad Fenris prøve seg på den. Fenris drog alt han kunne i lenkja og klarte å kome fri denne gongen også.

En magisk lenkje laga av ting som ikkje finst

Nå blei gudane redde for at dei ikkje skulle klare å binde Fenris og dei bad dvergane om å lage ei lenkje som var sterk nok. Dvergane smidde ei magisk lenkje av fiskens andedrett, kvinneskjegg, fuglens spytt, fjellets røter, lyden av kattepotar og bjørnens sener. Lenkja blei glatt og mjuk som ei silkesnor, men veldig sterk.

En stolt ulv

Gudane tok Fenrisulven med ut på ein holme og viste han silkebandet. Dei sa at bandet var litt sterkare enn ein skulle tru når ein såg på det, men Fenris kunne jo prøve å kome seg laus. Fenris mistenkte at gudane hadde brukt trolldom, og han visste at det kunne han ikkje kjempe i mot. Men Fenrisulven var redd for at gudane skulle synast at han var ein feiging om han ikkje let seg binde med silkesnora.

Gudens lureri

Fenrisulven bit Ty i armen. Teikninga er laga etter ein brakteat frå Trollhättan i Sverige. Den er frå folkevandringstid (400-600 e.Kr). CC BY-SA 4.0

Sidan Fenris trudde at gudane ville prøve å lure ham kravde han at ein av gudane skulle leggje handa si i munnen hans. Dersom gudane juksa ville han bite av handa. Gudane blei nokså skjelvne, for her hadde dei eit problem. Ingen ville rekkje hand fram. Til slutt la guden Ty handa si i munnen på Fenris. Då Fenris prøvde å slite over bandet blei det berre endå strammare og han kom ikkje laus. Då lo alle gudane unntatt Ty, som hadde mista handa si.

Fenris ventar på ragnarok

Gudane festa bandet gjennom ein stor stein og stakk den djupt ned i jorda. Fenrisulven glefste og ville bite, men då sette gudane eit sverd i munnen hans for å halde ulvegapet oppe. Slik skal Fenrisulven stå heilt til ragnarok kjem.

 

 

Publisert 4. nov. 2015 14:49 - Sist endra 24. apr. 2020 12:29