Odin, Tor og Frøya

Vikingane trudde på veldig mange ulike gudar, men dette er dei som var aller mest populære:

Enøyd trefigur, torshammer og katt fra Osebergvognen
Odinfigur ogTorshamar © KHM,UiO/ O. Holst og E.I. Johnsen.
Frøyafigur © Nationalmuseet, København.

Odin

Odin er æsenes konge og han har fleire dyrehjelparar. Ramnane Hugin (tanke) og Munin (minne), ulvane Gere og Freke, og den mytiske hingsten Sleipner med åtte bein. Odin kan trolldomskunstar, han kan forandre seg til eit anna menneske eller kva som helst dyr. Odin har berre eitt auge fordi han måtte ofre det andre for å kunne drikke av kunnskapens brønn.

Tor

Tor er den av alle gudane som er sterkast og mest sinna. Han har ein hamar med magisk kraft og med den er han uslåeleg. Tor har ei vogn som blir trekt av to geitebukkar. Når han køyrer over himmelen med den blir det tore og lyn. Mange vikingar syntest at Tor var den beste guden, og hadde små hamrar som halssmykke for å vise kva gud dei likte best og for å få beskyttelse av Tor. 

Frøya

Frøya er gudinna som tek seg av kjærleiken, og at dyr og menneske skal få barn og plantene skal vekse. Frøya er glad i kattar og vognene hennar blir trekt av mange kattar. Når tapre krigarar døyr på slagmarka vel Odin halvparten av dei for å bli med han til Valhall, og Frøya vel ut den andre halvparten som blir med henne til Folkvang.

Kven er kven i gudeverda?

 

Publisert 4. feb. 2016 13:18 - Sist endra 7. des. 2020 09:05