Tor hjå Utgards-Loke

Ein gong kjem Tor til Utgards-Loke si borg. Utgards-Loke har ein regel om at berre dei som kan noko betre enn andre får lov å vera hjå han. Kan Tor vinne i ein konkurranse mot hans folk?

Bildet kan inneholde: blåseinstrument, tobakkspipe, horn, musikk instrument, rør.

Kanskje drakk Tor av eit slikt fint drikkehorn som blei funne ved Veien i Ringerike. Det er frå eldre jernalder, altså før vikingtida. © Kulturhistorisk museum, UiO.

Kappdrikking

Tor meiner at det han er aller best i er å drikke om kapp. Ja, det kan vi nok få til, seier Utgards-Loke og ber ein tenar kome med drikkehornet som soldatane hans brukar å drikke av. Tor set i gang, men då han tek hornet frå munnen har det nesten ikkje minka. Tor drikk ein gong til utan at hornet blir tomt. Tor prøver for tredje gong, det minkar i hornet, men tomt blir det ikkje.

Kattelyft

Utgards-Loke seier at ungane i borga brukar å leike med å lyfte katten høgt i vêret. Tor gjekk straks bort til katten og prøvar å lyfte den, men uansett kor mykje Tor lyfta, hadde katten labbane på golvet. Til sist tok Tor i alt han kunne og då måtte katten lyfte på den eine labben. Utgards-Loke sa at katten var jo nokså stor, og Tor nokså liten og svak i forhold til barna i borga. Det gjorde Tor sinna og nå ville han bryte med nokon.

Brytekamp

Utgards-Loke ropar inn ei gamal krokete dame. Tor byrjar å bryte med ho, men dess hardare han tek i, dess fastare står gamla. Til slutt får kjerringa overtak og Tor må setje det eine kneet i golvet.

Tor og vennene hans fekk overnatte og Utgards-Loke tok seg godt av dei.

Løysinga

Neste morgon var Tor flau for at han hadde verka så svak og pinglete, men då forklarte Utgards-Loke korleis alt hang saman:

Fyrst drakk du av hornet og utan at det minka noko særleg. Men i enden av hornet låg havet. Når du kjem til stranda kan du sjå kor mykje du har drukke. Det skal vi heretter kalle fjære.

Det var ikkje dårlegare at du klarte å lyfte katten slik at den måtte lyfte på ein pote. For det var eigentleg Midgardsormen som ligg rundt verda, og du lyfta den like til himmelen og det var berre så vidt hale og hovud nådde bakken.

Brytekampen med den gamle kjerringa var likevel det største, for du kjempa med alderdommen og fall ikkje lenger ned enn på det eine kneet. Det finst ingen som ikkje må gje tapt for alderdommen.

Då Tor høyrde det følte han seg snytt og lyfta hamaren, men då han ville slå til, var Utgard-Loke borte, og der borga hadde ligge var det ei vakker slette.

Guden Tor på fisketur

Tor på fisketur der han får Midgardsormen på kroken. Biletstein frå Altuna i Sverige. © Riksantikvarieämbetet, Sverige CC BY-SA 3.0

Publisert 3. jan. 2016 17:46 - Sist endra 7. des. 2020 09:06