Harald Hårfagre

Det er mykje vi ikkje veit om Harald Hårfagre. Harald skal ha blitt konge allereie då han var 10 år gamal og forteljingane seier at han til slutt blei konge i heile Noreg.

Bildet kan inneholde: kunst, maleri, visuell kunst, illustrasjon.

Harald Hårfagre mottek kongeriket frå far sin Halvdan Svarte. Teikninga er frå det islandske manuskriptet Flateyjarbok som blei skrive på Island ein gong på 1300-talet (Wikimedia Commons).

Ein forelska tenåringsgut

Gyda sender bod til kong Harald. Teikning ved Christian Krogh (Wikimedia Commons).

Då Harald var tenåring forelska han seg i ei jente som heitte Gyda. Han sendte mennene sine til henne for å spørje henne om ho ville gifte seg med han.

Gyda var nok litt snobbete for ho sa at ho faktisk ikkje gadd å gifte seg med ein som berre var konge over eit lite område. Men om Harald blei konge over heile Noreg så ville ho gjera det.

Alt for Gyda!

Harald lova at han verken skulle kjemme eller klippe håret før han hadde samla Noreg til eitt rike. Den ustelte sveisen gjorde at han etter kvart fekk namnet Luva som betyr flokete, og det passa sikkert bra.

Slaget ved Hafrsfjord

Dermed rusta Harald til krig og sette i gang. Kvar gong han vann over ein annan høvding sette han ein jarl til å styre på den staden, og bøndene som budde der måtte betale skatt til Harald. Til slutt samla Harald ein flåte av skip og var klar til å møte resten av fiendane sine i Hafrsfjord.

Det var to kjempehærar som møttest, og slaget blei langt og hardt. Til slutt vann Harald og då var det ikkje så mange fiendar att som turte å yppe seg. Dermed blei han konge i heile landet.

Nå kunne Harald også klippe av seg håret som ikkje hadde vore stelt på over 10 år. Då fekk han namnet Hårfagre, fordi håret hans var blitt så vakkert.

Det står det i alle fall i Snorre, det er nok ikkje heilt sant, men Harald var uansett blitt ein mektig konge.

Korleis gjekk det med kjærleiken?

Harald Hårfagre hugsa kva Gyda hadde sagt og nå ville ho ha han. Dei gifta seg og fekk mange barn. Men Gyda var ikkje den einaste kvinna i Harald sitt liv. Han gifta seg med mange andre damer også og fekk mange barn med dei.

Harald Hårfagre blei ein veldig gamal mann og døydde til slutt av alderdom.

Meir om Harald Hårfagre

  • Heitte eigentleg Harald Halvdanson
  • Konge frå ca. 872 - ca. 932
  • Faren heitte Halvdan Svarte
  • Mora heitte Ragnhild
  • Ein av sønene hans, kanskje den eldste, heitte Eirik Blodøks
Publisert 23. des. 2015 13:18 - Sist endra 7. des. 2020 09:06