Olav Haraldsson

Olav Haraldsson var ein kraftig ung mann som etter kvart fekk kallenamnet Olav Digre. Då Olav blei tenåring reiste han på vikingferd. Han var både fæl og grisk, så han gjorde det ganske bra som viking.

Olav blir drepen

Olav drøymer. Detalj frå Olavsfrontalet som står i Nidarosdomen i Trondheim.  © Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen.

Olav drøymer

Ei natt hadde han ein draum om ein mann som sa at han skulle halde opp med å herje som viking og reise heim att for å bli konge i Noreg. Dermed sette Olav nasen heimover, men han brukte lang tid på vegen og han stoppa blant anna i Frankrike. Medan han var der blei han kristen og let seg døype.

Ei uroleg tid

På den tida var landet delt mellom fleire kranglete høvdingar. Nokre heldt seg til den norrøne religionen og nokre var kristne. All kranglinga var perfekt for ein viking som hadde lyst å bli konge, nemleg Olav.

Olav hadde berre ein ganske liten hær og det er jo litt dumt når ein har planer om å erobre eit heilt land, men Olav hadde også med seg masse gull og sølv.

I byrjinga med gjekk alt etter planen. Mange høvdingar og viktige folk slutta seg til Olav som sette i gang med å kristne Noreg. Han fekk folk til å bytte til den nye religionen ved å seie at dei som ikkje gjorde det friviljug ville bli drepne eller tvinga til å flykte.

Slaget på Stiklestad

Ikkje alle vikinghøvdingar og kongar var like begeistra for Olav. Han fekk etter kvart store problem med å finne folk som ville støtte ham.

Bildet kan inneholde: illustrasjon.
Olav blir drepen på Stiklestad.  © Kulturhistorisk museum, UiO/ Johnny Kreutz

I 1030 greidde Olavs fiendar å samle ein kjempehær. Det siste store slaget stod på Stiklestad i Trøndelag 29. juli 1030. Olavs hær blei knust og han sjølv blei drepen.

Meir om Olav Haraldsson

  • Konge frå 1015 - 1028
  • Blir kalla både Olav den heilage og Sankt Olav
  • Blei drepen 29. juli 1030 på Stiklestad

Olavsfrontalet

Sjå heile Olavsfrontalet

Olavspenning


Framsida av ein mynt Olav Haraldsson fekk laga.


Baksida av mynten ovanfor som blir kalla penning.

Publisert 23. des. 2015 13:18 - Sist endra 7. des. 2020 09:06