Sigurd Drakedrepar

Historia om Sigurd og draken er eigentleg ganske fæl, men det var kanskje derfor folk var så opptekne av den. På 1100-talet i Hylestad stavkyrkje, laga dei ein fin dørportal der heile historia blei skoren ut i tre.

Regin smir sverdet til Sigurd, og Sigurd drep draken Fåvne.
Stavkyrkjeportal frå Hylestad.  © KHM,UiO/ Ove Holst

Sigurd Fåvnesbane heitte han, og var ein kjekk gut som vaks opp hjå kong Hjalpreki. Sigurd blei sendt i fosterheim då han blei stor. Ikkje fordi han nødvendigvis var utan ein heim, men fordi det var vanleg i vikingtida å sende bort sine søner, slik at dei kunne lære noko nytt.

I lære hjå Regin smed

Sigurds fosterfar heitte Regin og han var smed, men han kunne også mykje anna. Sigurd skulle også lære om idrett, runer og ulike språk. Regin hadde to brør, Oter og Fåvne, og far deira var kong Reidmar. Ved ei misforståing kom gudane til å drepe Oter, fordi han var så dum og skapte seg om til ein oter og sumde rundt i elva. Kong Reidmar kravde ein bot frå gudane for drapet på sonen, og fekk ein stor gullskatt.

Fåvne er slu

Fåvne var ein grisk og grådig type og ville ha tak i gullet sjølv, så han drap far sin. Han tok med gullskatten til ei hole, skapte seg om til ein drake og la seg til å vakte over gullet. Fåvne var eigentleg ingen ordentleg drake, men det ein kallar ein linnorm, altså ein stor drakeliknande orm.

Sigurd drep Fåvne

Sigurd hadde eit fint sverd han hadde fått av far sin, Gram heitte det. Sverdet var knekt i to, men Regin smidde det saman att og overtala Sigurd til å drepe Fåvne og ta skatten. Sigurd tok sverdet og gjekk opp i hola der Fåvne låg, og stakk sverdet opp i hjartet hans slik at han døydde.

Sigurd steiker hjartet til Fåvne, og høyrer fuglane snakke. Sigurd drep Regin. Øvst ligg Gunnar i ormegarden.  © KHM, UiO/ Ove Holst

 

 

 

 

 

 

 

 

Sigurd høyrer at fuglane snakkar

Då Sigurd kom tilbake steikte han hjartet til Fåvne, medan Regin låg og sov. Når Sigurd får litt av blodet til Fåvne i munnen høyrer han at fuglane snakkar. Dei fortel at Regin har planer om å drepe Sigurd for å få tak i skatten sjølv. Sigurd drep derfor Regin og tek skatten sjølv, så gifter han seg med Gudrun.  

Gudrun og Gunnar

Gudrun og bror hennar Gunnar vil også ha skatten, så dei drep Sigurd og tek skatten. Dei er ikkje dei einaste som vil ha tak i denne skatten, det vil også kong Atle. Gunnar vil ikkje fortelje kongen kvar skatten er, derfor blir han kasta i ormegarden. Der spela han harpe med tærne så ormane sovna, med unntak av ein som beit Gunnar slik at han døydde.

Slik enda den historia og ingen fekk vite kvar skatten blei av. Kanskje var det ein av dei skattane som har blitt funne seinare, kanskje Hoenskatten eller Slemmedalskatten?

Les meir om skattar

Publisert 22. feb. 2016 11:30 - Sist endra 17. apr. 2020 07:58