Kven er nettstaden laga for?

Bildet kan inneholde: tegnefilm, mennesker, illustrasjon, deling, organisme.

Nettstaden "Vikingar" er fyrst og fremst laga for deg som går i 5. til 7. klasse, men alle andre er sjølvsagt velkomne til å bruke den.                                                

Nettstaden er litt som Odins ring Draupne (Draupnir). Draupne blei smidd til Odin av dvergane Sindre og Brokk, og kvar niande natt draup åtte nye heilt like ringar av den. Det var kanskje ikkje så rart at Odin var den rikaste og mektigaste av alle gudane.

Vi kan ikkje love åtte nye ting på nettsida kvar niande natt, men nye ting vil det kome. Vi lovar!

 

Redaktør for tekstane: Ellen Marie Næss

Illustrasjonar: Elisabeth J. Vogt

 

 

 

Publisert 10. mai 2016 14:30 - Sist endra 30. apr. 2020 09:29