Hels på arkeologrotta Anne Stine
Anne Stine meiner at menneska bør vite noko om fortida si, for ho trur at det gjer det lettare for dei å skjøne kven dei er.

Arkeologrotta Anne Stine. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Johnny Kreutz
Rotter + menneske = sant
Rottene har budd saman med menneska sidan menneska slo seg ned på ein stad og byrja å dyrke jorda.
Det er alltid mykje herleg søppel og fantastiske matrestar rundt menneska og det synest rottene er stas. Rett nok spreier rottene sjukdom mellom menneska også, slik som svartedauden for eksempel, men det er jo ikkje noko rottene bryr seg så mykje om.
Ein nysgjerrig rotteunge
Foreldra til Anne Stine forstod raskt at denne vesle, nysgjerrige rotteungen kom til å bli arkeolog med tida, derfor kalla dei ho opp etter den kulaste arkeologen dei visste om, Anne Stine Ingstad.
Anne Stine er veldig interessert i kva menneska driv med. Ho rotar rundt i det dei lar liggje att, slik som søppel, døde folk, gullskattar og slikt, for å finne ut meir om dei. Ho snusar rundt overalt, høgt og lågt. Mykje av det ho og venene hennar finn, stiller dei ut på museum slik at andre også kan sjå det og forstå meir om korleis folk som levde før har hatt det.