Når var vikingtida?

Vikingane tenkte nok ikkje sjølv på at dei levde i noko bestemt tid, men det er greitt for oss å ha nokre årstal for når vikingtida byrja og slutta.

vikingsverd

Mange meiner at vikingtida byrja og slutta med krig. Kva trur du? Foto: Kulturhistorisk museum, UiO. Fotograf Eirik Irgens Johnsen.

Tenk på eit årstal...

Sidan vikingane sjølv ikkje tenkte så mykje på at dei levde i noko bestemt tid så har historikarar og arkeologar laga ei tid til dei. Den tida er litt annleis enn tida før og etter. Vikingtida byrja med at folk i Norden laga betre båtar enn tidlegare. Då byrja dei å reise meir enn før, og nokre gonger på grusame røvartokt.

Vikingtida startar

Eit av dei fyrste angrepa var angrepet på klosteret på den britiske øya Lindisfarne i juni i år 793. Derfor blir det årstalet ofte sagt å vera starten på vikingtida. Problemet er berre at sidan vikingane var i full sving i år 793, så må jo vikingtida eigentlig ha starta litt før. Derfor seier mange arkeologar at vikingtida starta på midten av 700-talet.

Vikingtida sluttar

Det er på same måte med slutten av vikingtida. Det er mange slag som kan seiast å vera det siste som skjedde i vikingtida, det vanlegaste er slaget ved Stiklestad i år 1030 eller slaget ved Stamford Bridge i England i år 1066. Sjølv om mange vikingar døydde i slaga så gjekk jo ikkje resten heim og blei einige om at "nå gidd vi ikkje desse vikinggreiene meir...".  Derfor kan ein seie at vikingtida slutta sist på 1000-talet.

Publisert 29. jan. 2016 11:39 - Sist endra 24. apr. 2020 11:07