Teikningane på nettstaden

Teikningane er inspirert av utskjeringar på Osebergvogna, så på ein måte kan ein seie at vikingane har laga teikningane sjølv.

Osebergvogna. © Kulturhistorisk museum, UiO/Eirik Irgens Johnsen

Menneskefigurane

Vogna frå Oseberg er ikkje berre eit kjøretøy, den er også full av fine utskjeringar som viser mange morosame figurar. Teikningane på juniorsidene er inspirert av eit spesielt motiv på den eine vognsida. Ei dame grip ein mann i armen, han held ein dolk i den eine handa og taumane til ein hest i den andre, på hesten sit ein annan mann. Bak mannen på hesten er det eit rart dyr, som vi ikkje heilt veit kva er. Det er litt usikkert om dama prøver å hindre mennene i å slost, eller om det er ho som oppmodar til det.

Dama og mannen med dolken er hovudpersonane i teikningane på juniorsidene, og som du kan sjå skifter dei klede og flyttar seg frå stad til stad.

 © Kulturhistorisk museum, UiO/Ove Holst

Rare dyr

Du vil kanskje også kjenne att dei rare figurane som liknar på ei blanding av krokodiller og dragar sjølv om dei manglar hale. Arkeologane kallar denne forma for dekor eller pynt for gripedyr, det er fordi alle figurane held i kvarandre, sjølv menneska gjer det på Osebergvogna. Vikingane likte å pynte både smykke og spenner med slike gripedyr.

Rare dyr som bit kvarandre i baken.  © Kulturhistorisk museum, UiO/Ove Holst

Vikingar og fargar

Vi veit ikkje om utskjeringane på Osebergvogna har vore måla, men det vi veit er at vikingane var glade i fargar. Fargane som er brukt på teikningane på nettstaden er fri fantasi, men vikingane brukte både raudt, gult, blått og svart. Både teltstenger og skjold i Gokstadskipet var måla med gult og svart. Blandar ein raudt og gult får ein oransje, blått og gult blir grønt, blått og raudt blir lilla. Dersom ein blandar alle fargane blir fargen brun, det har du sikkert merka når du har måla.

 © Kulturhistorisk museum, UiO/Elisabeth J. Vogt

 

Publisert 4. feb. 2016 10:57 - Sist endra 24. apr. 2020 11:10