Vikingskatten frå Teisen i Oslo

For over tusen år sidan budde det vikingar i Oslo og ein av dei grov ned ein sølvskatt. 

Bildet kan inneholde: metall, motetilbehør, smykker, kjede, sølv.

Vikingskatten frå Teisen i Oslo. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen

Ein halv kilo sølv

Det var sju armringar, ein sølvbarre, ulike sølvbitar og arabiske sølvmyntar som var klipt i mindre bitar. Den yngste mynten er frå 919 e.Kr. og derfor veit vi at skatten blei grave ned etter dette. Kanskje bonden på Teisen hadde vore i Bagdad? I alle fall hadde han kontakt med folk i aust.

Skatten blei funnen for lenge sidan, i 1844. Då var Oslo mykje mindre enn i dag og Teisen var framleis bondelandet.

Publisert 23. des. 2015 13:49 - Sist endra 22. apr. 2020 13:34