Kva er ein skatt?

Ein skatt er noko som er verdifullt for eigaren, og som blir gøymd bort og passa på.

Gull- og sølvskatt fra Sllemmedal

Vikingskatt frå Slemmedal i Grimstad med 2 kg gull og sølv © Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen 

Kvar kom verdisakene frå?

Vikingane var flinke handverkarar, kunstnarar og handelsfolk, så mange klarte å skaffe seg rikdommar ved ærleg arbeid. Men vikingane var også ganske fæle krigarar. Dei stal og røva og så gjorde dei noko slemt, men lurt: utpressing. Dei sa til kongar og leiarar i ulike land at dersom dei betalte masse sølv så skulle vikingane la vera å overfalle byar og drepe folk.

Den fyrste utbetalinga vi veit om skjedde i år 845 då vikingane kravde nesten seks tonn gull og sølv for å la vera å angripe Paris. Då vikingtida til slutt var over, hadde ulike vikingbandar fått med seg over fleire hundre tonn sølv!

Kvifor blir skattar gøymde?  

I vikingtida fanst det vanlege tjuvar, men i tillegg var det mykje krig og uro. Derfor var folk redde for at skattane skulle bli stole, så dei fann lure gøymestader til skattane sine. Det luraste var å grave skattane ned i jorda eller gøyme dei i sprekkar i fjell og steinrøyser, eit stykke ifrå hus og vegar. For at folk skulle hugse gøymestaden valde dei ofte stader som hadde eit spesielt kjenneteikn.

Det har nok vore ganske vanleg at folk gøymde bort verdisaker på den måten. Det var jo det sikraste folk kunne gjera.

Ligg skattene der framleis?

Dei fleste skattane blei nok henta av eigarane sine, men nokre gonger skjedde det ting som gjorde at skattene aldri blei henta.

Mange av skattane er funne nå og er på museum, men det finst framleis skjulte skattar.

Kva gjer du dersom du finn noko gamalt?

Barn er like nysgjerrige som arkeologar og det hender dei finn gamle ting og skattar.

Dersom du finn noko slik, så ikkje grav det opp sjølv, men ring arkeologen i fylket der du bur. Når arkeologen får undersøkt ordentleg så får vi vite meir både om skatten og om dei som grov den ned.

Publisert 23. des. 2015 13:49 - Sist endra 7. des. 2020 09:07