Verdas einaste vikinghjelm
Mange vikingkrigarar brukte hjelm, men det er berre bevart ein einaste, nemleg hjelmen frå Gjermundbu.

Verdas einaste vikinghjelm som blei funnen ved Gjermundbu på Ringerike. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Ove Holst
Ein mektig høvding med hjelm
Det var veldig få som hadde råd til ein så flott hjelm, så krigaren som eigde hjelmen har nok vore ein veldig rik og mektig mann. Kanskje var han ein høvding, og derfor hadde han spesielt flott utstyr.
Hjelm med briller
Hjelmen har ei slags brille som beskyttar ansiktet, og langs kanten bak har det hengt metallplater som har beskytta krigarens nakke. På innsida var hjelmen fora, kanskje med ull og lær som gav ein ekstra beskyttelse mot støyt på same måte som isoporlaget i ein sykkelhjelm.
Treng ein hjelm i dødsriket?
Då krigaren døydde blei han gravlagd i ein gravhaug. Han fekk med seg mange ulike gjenstandar som ein krigar kunne trenge i dødsriket, slik som sverd, ringbrynje og den flotte hjelmen.

Kjekt å vite
- Gjermundbuhjelmen har fått namnet sitt etter garden Gjermundbu på Ringerike der den blei funnen.
- Hjelmen blei laga ein gong mellom 950 og 975.
- Du kan sjå hjelmen i Historisk museum i Oslo.