Vikingar og våpen

I vikingtida var det mykje krig og slåssing. Derfor var våpen ein del av dagliglivet til alle.

Ryttargrav frå Asak

Ryttargrav frå Asak i Skedsmo med sverd, spyd, øks, utstyr til ryttar og hest slik som sporer, stigbøyler og bitt. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Kirsten Helgeland

Alle hadde våpen

Vikingane syntest at krigarar var veldig flotte og alle menn ville gjerne sjå ut som ein. Dess finare våpen, dess betre var det, syntest dei.

Sverd var finast

Dei viktigaste våpena som alle vaksne menn skulle ha var spyd, skjold og sverd eller øks. Sverd var dyrare enn øks. Dei rikaste hadde nokre ekstra ting slik som ringbrynje og hjelm, og alt utstyret var ekstra fint pynta.

Dei fattige

Dei fattigaste hadde økser, knivar og stokkar, og dei kunne kaste stein.

Blei straffa med bot

I vikingtida sa lova at alle frie menn skulle eige våpen. Dersom ein viking ikkje hadde våpen kunne han bli dømt til å betale ei stor bot.

Utstyr til hest og ryttar


Sporer og stigbøyler frå Asak.
 © KHM,UiO/ Ellen C. Holte

Publisert 23. des. 2015 13:50 - Sist endra 7. des. 2020 09:08