Høvding søkjer husfrue

Søkjer høvisk kvinne til ekteskapsallianse.

Høvdingen © Kulturhistorisk museum, UiO/Lill-Ann Chepstow-Lusty.

Vil du ha eit liv i luksus?

Eg er beskyttar av kaupangen på Skiringssal og kongens mann. Eg tilbyr eit luksusliv i eit ekspansivt og internasjonalt miljø.

Kvinna eg søkjer må vera av høg ætt og frå ein familie med gode politiske kontaktar og forbindelsar. Ho må kunne administrere eit stort hushald og organisere storslagne gilde og blot.

Ho bør beherske fleire språk, blant anna angelsaksisk, frankisk, arabisk og dansk.

Publisert 8. feb. 2016 16:13 - Sist endra 20. apr. 2020 08:21