Kunngjering: Hemn!

Konge hentar brud om ho vil eller ei.

Kongen  © Kulturhistorisk museum, UiO/ Lill-Ann Chepstow-Lusty.

Ingen seier nei til kongen!

Eg, kongen, gjer hermed kjent at eg aktar å fare for å hente Gerd Olavsdotter til mi brud!

Då eg bad om tausas hand på høvisk vis, blei eg blankt avvist av faren. Kven trur den usle fillebonden at han er? Ingen set seg opp mot meg, kongen. Dette er ei ærekrenking! Dette er ei skam!

Eg vil ha hemn!

Jenta skal eg ha om ho vil eller ei.

Eg tek ho med makt.

Faren og broren skal drepast!

 

Publisert 8. feb. 2016 16:13 - Sist endra 20. apr. 2020 08:21