Vikinganes hestar

Vikingtida vrimlar av hestar. Vi finn dei i graver og på offerplassar, avbilda på smykke, runesteinar og biletvev. Dei er også omtala i myter og sagaer, og vi aner hestens nærvær i stadnamn og landskap.

Islandshest

Geisli er ein ekte Islandshest frå garden Stedja på Island, men bur nå i Vestfold.  © David Vogt

Vikinghesten - liten men tøff

Det er sikkert mange som trur at store, sterke vikingar hadde store, sterke hestar. Feil! Hestane var nok sterke, men dei var ganske små. Vikingane tok hesten med seg til Island, og den hardføre og sympatiske islandshesten er ei blanding av desse hestane og småhestar frå Dei britiske øyar. Andre gamle nordiske rasar er Ölandshesten og Gotlandsrussen frå Sverige. 

Behov for større hestar

Men nye, større hesterasar venta like rundt hjørnet. Mot tusenårsskiftet byrja ”riddartida” lengre sør i Europa. Ryttarar som bar tunge rustningar og våpen trong større hestar for å bera dei. Folk i Europa fekk òg augo opp for dei raske og vakre arabarhestane då korstoga tok til på 1000-talet. Dei nye hestetypane fann òg vegen mot nord, truleg allereie i vikingtida.

Hesten var viktig

Hesten var storfolks yndlingsdyr og statussymbol. Den var transportdyr, offerdyr og fruktbarheitssymbol – både i dette livet og i det neste. Hestekrefter skulle storfolk ha, anten hesten blei brukt til å ri eller trekkje vogn. Mykje tyder på at vognkjøring fekk eit oppsving i byrjinga av vikingtida og blei ein ny måte å markere status på. Sjå bare på gravfunna frå Osebergskipet. Her blei det funne både ei praktvogn og ein biletvev som vrimlar av hestar og vogner. I grava låg det også seletøy, ridepisk og fem rangler.

Tegning av billedvev fra Oseberg
Teikning av biletvev frå Oseberg med alle hestane. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Sofie Krafft

 

Publisert 23. des. 2015 10:25 - Sist endra 20. apr. 2020 12:17