Vikingmat

Alle menneske set pris på eit godt måltid og vikingane var ikkje noko unntak. Dei var glade i å ete saman med andre og tok seg gjerne ein fest.

Bildet kan inneholde: blomsterpotte, anlegg, mat, grønnsak.

Vikingane åt nok mest det dei kunne produsere og sanke sjølv, men dei reiste mykje. Arkeologane tenkjer derfor at dei kan ha hatt med seg mykje rart heim som for eksempel fiken, dadlar og krydder. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Elisabeth J. Vogt

Det var eit hardt liv

Folk arbeidde hardt, til og med dei rike. Det var kaldt om vintrane og nokre gonger var det lite mat. Derfor sette dei kanskje ekstra stor pris på god varm mat, og særleg om maten var feit og kraftig.

Kva hadde vikingane til å lage mat av?

Vikingane må ha vore flinke til å utnytte alt som kunne etast og som dei kunne få tak i, og dei laga til maten på mange ulike måtar. På gardane hadde dei kornåkrar, kjøkenhagar, urtehagar og mange ulike husdyr som gav dei matvarer som for eksempel:

  • Kjøt
  • Egg
  • Mjølk, ost, smør
  • Korn
  • Urter: karse, bladpersille, oregano, kjørvel, karve, kvitlauk, ryllik, humle.
  • Grønsaker: kål, lauk, bønner, neper, ertar, pastinakk, kvann
  • Frukt og bær: eple, plommer, kirsebær, rips, bringebær

Ville dyr og planter på menyen        

Vikingane fanga ville dyr i feller og fangstgroper, og dei jakta med spyd og pil og boge. Dei var og flinke til å fiske og dei kunne jage småkval inn i fjordar og fange dei der. I naturen fanst det mange gode planter, nokre kjenner du sjølv, som for eksempel hasselnøtter og ville bær. Andre tenkjer du kanskje ikkje på som særleg gode slik som skvallerkål og brennesle.

Vikingane var alltid klare for å prøve nye ting

Nokre ting bytta dei til seg på reisene sine. Det kunne vera krydder, valnøtter, sennep, honning eller tørka frukt.

Lag din eigen vikingmat

Råvarer til å lage mat av


Villeple. © Per Arvid Åsen CC BY-SA 3.0


Brennesle. © Øyvind Holmstad CC BY-SA 4.0


Bondebønner. © Elisabeth J. Vogt CC BY-SA 4.

Publisert 23. des. 2015 10:25 - Sist endra 20. apr. 2020 12:17