Kva betyr vekedagane?

Vikingane hadde styr på tida og hadde noko som nok var veldig likt vår veke. Dagane i veka gav dei namn etter gudar og viktige ting slik som sol, måne og vasking. Vi brukar framleis dei same namna på dagane.

Ulver jager sol og måne over himmelen.

Ulvane jagar Sol og Måne over himmelen. Det blir sagt i myta at dei for all del må unngå ulvane, for dersom Fenrisulven sløkkjer Sol går jorda under. Illustrasjon: John Charles Dollman 1909. Public Domain via Wikimedia Commons.

Sundag 

Sundag er solas dag og var eigentleg den fyrste dagen i veka, ikkje den siste. Sol heitte også ei gudinne. Gudane likte ikkje at far hennar Mundfari hadde kalla ho opp etter sola. Som straff måtte ho derfor trekkje den verkelege sola over himmelen ustanseleg. 

Måndag

Måndag er månens dag. Måne eller Mani er også ein gud og bror til Sol. Gudane likte heller ikkje at Mani blei kalla opp etter månen, så han måtte trekkje månen over himmelen. 

Tysdag

Tysdag er Tys dag. Ty var Odins son og han var ein krigsgud. Tysdag var ein god dag å starte ein krig på.

Onsdag

Onsdag er Odins dag. Då kristendommen kom, var det vanskeleg for prestane at ein dag skulle være kalla opp etter den viktigaste heidenske guden. Derfor prøvde dei å kalle dagen midt i veka for midtveke. Det slo ikkje noko særleg an, bortsett frå i Tyskland der onsdag framleis heiter Mittwoch.

Torsdag

Torsdag er Tors dag. Det var vikinganes mest heillage dag. For eksempel skulle viktige møte og ting helst starte på ein torsdag. Folk trudde at det var ein spesielt magisk dag og at all magi verka best. Dette var heksenes dag.

Fredag

Fredag var Frigg og Frøyas dag. Dei to var kjærleiksgudinner og fredag var dagen for kjærleik.

Laurdag

Laurdag var dagen for reinslegheit, vasking og bading − lauging.

Vekedagane

Ty, Odin, Torshamar, Frøya og eit praktspann til å ha vatn i på laugardagen, altså vaskedagen laurdag.
© Statens historiska museum/ Kulturhistorisk museum/ Nationalmuseet.
Publisert 2. jan. 2016 17:41 - Sist endra 21. apr. 2020 08:06