Runer

Runer er vikinganes bokstavar og dei blei brukt for å sende beskjedar, merkje ting ein eigde eller skrive på stader ein hadde vore. Runene kunne også brukast som magi for å få hjelp frå gudane.

beinbit med runer

På dette beinet står det "kis mik", som betyr kyss meg! Kanskje ein som var forelska gav den til kjærasten sin ein gong på slutten av vikingtida? Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/ Ann Christine Eek

Berre rette strekar

Vikingane skreiv ved å skjera runene inn i tre, bein eller stein. Rette strekar er lettare å skjera enn krumme strekar. Prøv sjølv!

Runer er vanskelege å lese

I vikingtidas fanst det ingen rettskriving. Ofte hoppa vikingane over nokre ord eller bokstavar, eller skar runene på heilt eigen måte. Dei brukte heller ikkje mellomrom mellom orda. 

Runene kunne skrivast både frå venstre og frå høgre, eller annan kvar gong frå kvar side som ein slange. Nokre vikingar brukte til og med kode når dei skar runer, og det gjer det endå vanskelegare for oss å lese!

Kva skreiv vikingane om?

  • Vikingane skar ofte runer inn i store steinar når det hendte noko viktig som dei ville fortelje om. For eksempel kunne dei lage runesteinar til minne om ein som var død. Nokre runesteinar fortel om vikingferder og krigar, og nokre om den nye religionen som mange fekk vite om på den tida, nemleg kristendommen.
  • Runer kunne brukast som magi eller for å be gudane om hjelp eller beskyttelse. 
  • Runer blei ofte skore inn på våpen eller andre ting for å fortelje kven som hadde laga eller eigde gjenstanden.
  • Vikingane skar nokre gonger runer som fortalte kva tingen dei blei skore inn i var. På ei skei står det «skei», og på eit spinnehjul står det «spinnehjul». Det må ha vore gjort av nokre veldig gløymske vikingar.
  • Vikingane rissa runer på stader dei besøkte også. Det er funne runer i ein gravhaug frå steinalderen på Orknøyane, og i Hagia Sofia i Tyrkia. Turist-grafitti, altså.

 

Publisert 23. des. 2015 10:29 - Sist endra 24. apr. 2020 11:20