Kva tok vikingane med seg heim?

Vikingane reiste til mange ulike land der det blei laga ting som vikingane ikkje kunne lage sjølv. Slike varer syntest vikingane det var stor stas å ta med seg heim.

Handelsvarer

Varer som vikingane tok med for å bytte til seg ting som ikkje fanst heime. Klebersteinskar, pels, brynesteinar, beinkammar og jernbarrer som ein kunne lage våpen og reiskapar av. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen.

Handel og plyndring

Nokre vikingar plyndra og røva til seg akkurat det dei hadde lyst på, medan andre vikingar dreiv med handel på ein fredelegare måte.

Byttehandel

Vikingane reiste mykje og dei møtte handelsmenn som også hadde reist langt. I mange land var det vanleg å handle med pengar. Vikingane kjøpte vanlegvis ikkje ting med pengar, men bytta varene sine mot andre sine varer.

Kva tok dei med når dei reiste ut?

Vikingane kunne for eksempel ha med seg voks, honning, skinn, pelsverk, dun, horn, gevir, rav, jern, kleberstein og støyttenner frå kvalross. Slike ting frå nord var mykje verdt andre stader.

Kva hadde dei med seg heim?

Trælar, sølv, gull, smykke, perler, glas, krydder, sverd, brynjer, drikkebeger, valnøtter, silke og andre fine tekstilar er eksempel på varer som vikingane hadde med seg heim att.

Sjølv om vikingane ikkje brukte pengar i byrjinga, var dei glade i sølvet som myntane var laga av. Det er funne mange tusen arabiske myntar frå vikingtid i Skandinavia.

Glasbitar frå Middelhavsområdet, funne i vikingbyen Kaupang. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen.

 

 

 

Publisert 23. des. 2015 13:51 - Sist endra 22. apr. 2020 08:19