Vikingrøvarar

Vikingane dreiv med mykje forskjellig, og nokre av dei var skikkeleg grusame røvarar.

Kanskje var det slik vikingrøvarane såg ut då dei herja rundt i Europa? Denne gjengen har kledd seg ut i samband med eit vikingarrangement utanfor Vikingskipshuset. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Lill-Ann Chepstow-Lusty 

Gull, sølv og ære

I vikingtida var det mykje handel med verdifulle ting i Europa. Sølv, gull og fine ting blei frakta frå stad til stad. Dette hadde vikingane fått med seg, for sjølv om dei budde langt mot nord hadde dei gode båtar, og mange reiste ofte sørover.

Munkane trudde dei var trygge

I Europa var det også mange kloster som var fulle av flotte ting av gull og sølv, og berre nokre uvæpna munkar som passa på. Munkane trudde dei var trygge, for dei trudde at ingen ville angripe Guds hus. Det dei ikkje tenkte på var vikingane som trudde på heilt andre gudar.

Fristande for unge vikingar

Eit plyndringstokt var nok veldig fristande for unge vikingar som ville bli rike fort og samtidig vise kor tøffe dei var. Alt dei trong gjera var å bli med på eit raskt skip saman med nokre andre sterke og omsynslause vikingar. Rykta om mogelegheiter for gull, sølv og rask rikdom spreidd seg fort, og det fekk endå fleire til å prøve seg.

Dei visste ikkje betre

Adam av Bremen var ein tysk prest som reiste rundt blant vikingane omkring år 1050. Han meinte at vikingane drog på røvartokt fordi dei var nokre fattige, heidenske barbarar som ikkje visste betre. Han skreiv at nordmennene blei kurert for "vikingoppførselen" då dei blei kristna.

Arkeologane synest eigentleg at dette er ei ganske dårleg og urett forklaring.

Publisert 2. jan. 2016 20:36 - Sist endra 7. des. 2020 09:08