Vikingane reiste mot aust

Vikingane kalla vegen til landa i aust for austerveg eller østerled.

Bildet kan inneholde: tekstil.

Vikingene reiste heilt til Persia og kjøpte silkestoff. Det var nok veldig dyrt fordi dei som hadde råd til å kjøpe klipte stoffet opp i remser og sydde dei på kleda sine. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Sofie Krafft. 

Elver var vegar

I vikingtida fanst det nesten ikkje vegar, så det lettaste var å reise med båt på elver og vatn. Vikingane som drog austover reiste ofte på elvene i det som i dag er Russland og Ukraina. På dei to største elvene, som heiter Dnepr og Volga, kunne ein kome heilt til Svartehavet og Kaspihavet. Frå Svartehavet kunne vikingane segle til Miklagard, som heiter Istanbul i dag. Frå Kaspihavet var det ikkje så lang veg att til Bagdad.

Nokre reiste aldri heim att

Nokre av vikingane slo seg ned langs dei store elvene. Der dreiv dei med handel, og nokre gifta seg og fekk familiar.

Krydder, silke og sølv

Vikingane møtte handelsmenn som kom frå land langt borte. Handelsmennene kunne tilby spennande varer slik som krydder, sølv, slavar, silke og andre fine stoff.

Bildet kan inneholde: stillbildefotografering, metall.
Vikingane brukte myntar som var laga i Midtausten, mange blei klipt opp og brukt som betalingsmiddel fordi sølvet var mykje verdt. Desse er funne på handelsplassen Kaupang i Vestfold. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen.

Ibn Fadlan møter vikingar

Ibn Fadlan var namnet på ein arabisk oppdagings-reisande som traff nokre vikingar i ein liten by ved elva Volga omkring år 922 e.Kr.

Han skreiv om korleis vikingane oppførte seg og såg ut. For eksempel skreiv han at vikingane var store, gjekk med lite klær, hadde tatoveringar og alltid hadde med seg øks, sverd og kniv. Dei vaska seg heller ikkje så ofte.

Publisert 23. des. 2015 13:52 - Sist endra 7. des. 2020 09:09