Istanbul eller Miklagard

Istanbul er Tyrkias største by. Nokre vikingar besøkte byen, men dei kalla den for Miklagard.

Bymuren i Konstantinopel

I vikingtida var det ein stor mur rundt heile byen. Restar etter bymuren står framleis i dag og noko av den er restaurert og bygd opp slik som her. Foto: Bigdaddy cc-by-sa-3.0 via Wikimedia Commons.

Ein kjempediger by

Miklagard betyr "den store byen" og vikingane syntest nok den var heilt enorm. Byen var godt beskytta med store murar og ein diger hær. Dei som hadde vore der kunne fortelje om eventyrleg rikdom. Det gjorde nok at fleire vikingar fekk lyst til å reise dit.

Fyrste gongen vikingane kom til Miklagard blei byen godt forsvart, så vikingane kom seg ikkje innanfor murane. Vikingane angreip fleire gonger, men klarte ikkje å ta seg inn i byen.

Til slutt blei folk i Miklagard og vikingane einige om ei fredsavtale slik at dei kunne handle med kvarandre i staden for å sloss. Vikingane bytta pelsar og slavar mot sølv, silke og krydder.

Vikingar som leigesoldatar

Nokre vikingar var så gode krigarar at dei fekk bli leigesoldatar i keisarens hær. Dei blei kalla væringar. Mange menn frå Norden tenestegjorde i Væringgarden som livvakter for keisaren, blant anna Harald Hardråde. Han blei seinare konge i Norge, i år 1046.

Halvdan var her

I Konstantinopel besøkte vikingane kyrkja Hagia Sofia. På det øvste galleriet kan ein framleis sjå runer. Ein viking som heitte Halvdan rissa inn namnet sitt der!

Publisert 29. feb. 2016 10:08 - Sist endra 7. des. 2020 09:09