Island

Vikingane gav ofte namn til stader etter som kva dei fyrst såg då dei kom seglande. Island fekk kanskje namn etter isblokkar i fjordane og snødekte fjelltoppar.

Islandsk landskap

Islandske klipper. Foto: Karin Beate Nøsterud cc-by-sa-3.0 via Wikimedia Commons.

Vikingane kjem til Island

Ved å gje namn til stader på denne måten var det enkelt å forklare vegen dit til andre. Ein kunne seie: «for å kome til Island seglar du berre vestover og litt nordover til du kjem til ei øy med mykje is».

Island var ikkje heilt aude før vikingane flytta dit. Nokre få irske munkar hadde slått seg ned der før vikingane «oppdaga» øya. Dei fredelege munkane måtte flykte då vikingane kom.

Livet på Island

Vikingane var vande med is og snø, men ikkje vulkanar, lava og geysirar. Det tok nok litt tid å venje seg til den nye staden. Vikingane slo seg ned på dei lunaste stadane. Det var vanskeleg å dyrke korn, men det var fint beite for sauer. Dessutan fanst det sel og kvalross, fisk og sjøfugl som vikingane kunne fange.

Ingólfr Arnarson  flyttar til Island

Då Ingólfr kom seglande til øya visste han ikkje kvar det ville vera lurt å slå seg ned. Derfor syntest han det var tryggast å overlate den avgjerda til gudane. Han kasta derfor stolpane frå høgsetet sitt over bord. Der stolpane flaut i land la han til og bygde seg hus.

Korleis trur du dei stolpane såg ut?

Publisert 29. feb. 2016 10:15 - Sist endra 7. des. 2020 09:09