Vikingane reiste mot vest

Vikingane kalla vegen til landa i vest for vesterveg eller vesterled.

Bildet kan inneholde: metall, gull, messing, motetilbehør, bronse.

Bitar av spenner som vikingane tok med seg frå Dei britiske øyane. Desse er funne ved handelsplassen Kaupang i Vestfold. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen. 

Motorvegen over havet

Vikingane syntest det var mykje lettare å reise over havet med skipa sine enn å gå gjennom ville skogar og over høge fjell. Derfor syntest dei det var greitt å reise vestover til England, Irland, Island, Grønland og til og med til Canada.

Mange mogelegheiter 

Vikingane hadde mange grunnar til å reise vestover. Der fanst det rike kloster og byar med dårleg forsvar som vikingane hadde lyst til å røve.

Det var mogelegheiter for ein god handel og det var stader med lite folk der vikingane kunne byggje nye gardar. Nokre vikingar skaffa seg fiendar for livet i vest, medan andre fann seg gode vener.

Spann frå Irland i Oseberggrava


© KHM,UiO/ Eirik Irgens Johnsen

Publisert 23. des. 2015 11:15 - Sist endra 7. des. 2020 09:09