Borregrava

Rundt år 900 blei ein mektig høvding gravlagd i ein diger gravhaug med vikingskip og mange flotte ting.

Denne fine seletøypynten frå Borregrava har arkeologane sett saman til eit hovudlag. Då det blei funne var det ikkje noko lær att, for det hadde rotna bort. © KHM, UiO/ Kirsten J. Helgeland

Kvar er skipet?

Vikingane bygde den store gravhaugen av sand, og fordi sanden ikkje er heilt tett kom det inn luft og vatn. Det gjorde at skipet og dei fleste av tinga blei øydelagt. Sjølve skipet var borte, men jernnaglane låg att. Derfor veit arkeologane at det ein gong var eit skip i haugen.

Kva fann arkeologane?

Liket av den døde høvdingen blei brend, og aska og knoklane blei lagt i ei gryte. Vikingane gjorde av og til det med dei døde. Høvdingen fekk selskap på reisa til dødsriket av ein hund, og to eller tre hestar. Arkeologane fann også restar av rideutstyr og ein slede eller vogn, øks og spyd, ei fin perle og eit knust glasbeger.

Gravfeltet på Borre

Høvdingen i Borregrava har kanskje vore av ei stor og mektig slekt. Dei viktigaste folka i denne slekta blei gravlagd i store haugar på same stad. Det blei til slutt ganske mange gravhaugar.

Biletgalleri

Sjå bilete av gjenstandar frå Borregrava

Publisert 3. jan. 2016 17:02 - Sist endra 7. des. 2020 09:09