Ein ekte vikinghøvding

Mannen i Gokstadgrava må ha vore ein viktig person sidan han fekk ei så fin grav. Kanskje han var ein høvding?

Kanskje likna Gokstadhøvdingen litt på denne arkeologen som er kledd ut som ein viking? © Kulturhistorisk museum, UiO/Lill-Ann Chepstow-Lusty.

Ein skikkeleg viking

Mannen som blei gravlagd i Gokstadskipet hadde levd eit tøft vikingliv på slutten av 800-talet og var ein skikkeleg viking. Han var høg og kraftig, hadde mykje musklar og var sikkert flink til å slåst.

Drepen i kamp

Då Gokstadmannen var i 40-åra blei han drepen i kamp. Det er fleire merkje på knoklane som viser kvar han blei treft av sverd, kniv og øks. Vi kan sjå på skjelettet at såra ikkje har grodd og derfor veit vi at Gokstadmannen døydde på denne måten. Vikingane syntest at det var ein bra ting, fordi dei som døydde i kamp fekk kome til Odin i Valhall.

Vi veit ikkje kvifor han slost. Kanskje var han ein helt eller kanskje ein skrekkeleg vikingrøvar. Kva trur du?

Grava blei røva

Mesteparten av skjelettet hans blei funne i grava, men ikkje alle delane. Det er fordi det hadde vore gravrøvarar inne i grava. Gravrøvarane hadde trekt restane av liket ut av gravkammeret og rota til slik at mange delar forsvann.

Bildet kan inneholde: bein.
Gokstadmannens knoklar. © Universitetet i Oslo/ Per Holck.

Biletgalleri

Sjå bilete av skip og ting frå Gokstadgrava

 

 

 

 

 

 

 

Publisert 18. juni 2014 09:06 - Sist endra 7. des. 2020 09:09