Gokstadskipet

Vikingane trong skip som kunne brukast til fleire typar reiser. Gokstadskipet kunne brukast til både oppdagingsreiser, handelsreiser og vikingtokt.

Gokstadskipet i Vikingskipshuset. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO.

Gokstadskipet blei bygd mellom år 885 og 892 e.Kr.

Ein kunne både segle og ro Gokstadskipet. På kvar side av skipet er det 16 hol til årene, dermed trong ein 32 til å ro. I tillegg måtte ein person styre og ein halde utkikk, så mannskapet var til saman 34 personar. Det er ingen restar etter tofter. Antakeleg har roarane sitte på kister, der dei også kunne ha sine eigne saker som dei trong på turen. 

Skipet er laga av eik

Skipet har 16 rader med plankar som kallast bordgangar. Dei ni nedste bordgangane er under vasslinja. Dei er berre to til tre cm tjukke, og det gjer at skipet både blir lett og litt bøygeleg.

På innsida av den øvste bordgangen er det festa ei list. Skjolda blei festa til denne lista med tynne snorer slik at dei hang utanpå skipssida. Det var 32 skjold på kvar side. Annakvart skjold var måla gult og annakvart skjold var måla svart.

Golvet i skip blir kalla dekk

I Gokstadskipet var dekket laga av furuplankar som det gjekk an å lyfte opp. Dermed kunne mannskapet lett ause ut vatn, og det måtte dei nok gjera ganske ofte. I dette vesle rommet var det også oppbevaringsplass for litt last.

 

 

I tillegg til det store skipet var det også tre mindre båtar, det ein kallar færing og seksæring fordi dei har namn etter kor mange åreringar det var. Fær betyr fire og kor mange åreringar trur du seksæringen hadde? Foto: Kulturhistorisk museum, UiO.

 

 

 

Publisert 18. juni 2014 09:06 - Sist endra 24. apr. 2020 11:26