Teltet

Vikingane reiste mykje, og då var det praktisk å ha med seg telt. I Gokstadgrava blei det funne restar etter eit telt der teltstongane var pynta med dyrehovud.

Kopi av telt som blei funne i Gokstadgrava. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Ann Christine Eek.

Utskjeringar og spreke fargar

Gokstadteltet har flotte utskjeringar øvst på vindskiene. Utskjeringane førestiller dyrehovud. Hovuda var måla i gult og svart, akkurat som skjolda som hang langs skipssida. Under utgravinga blei det funne ein klump ulltøy med påsydde hampetaug. Dette var kanskje teltduken. Stoffet var kvitt med striper av raudt tøy som var sydd på.

Senger må storfolk ha

I Gokstadskipet blei det funne seks enkle feltsenger og delar av to store senger. På kvar side av hovudgjerdet til dei store sengene er det dyrehovud som minner om dyrehovuda på teltet. Det ser altså ut som om sengene og teltet høyrer saman. Kanskje var det vanleg at fine folk eigde slike sett som dei brukte når dei var ute og reiste.

Kopi av teltstongane som blei funne i Gokstadgrava. © Kulturhistorisk museum, UiO/Ann Christine Eek

Publisert 18. juni 2014 09:06 - Sist endra 14. sep. 2020 07:38