Utgravinga av Gokstadhaugen

På garden Gokstad i Sandefjord kommune låg det ein stor gravhaug som blei kalla Kongshaugen. Det gjekk eit rykte om at det låg eit skip i den.

Gokstadskipet då det blei grave ut av haugen i 1880. Foto: Repro med ukjent opphav.

To gutar starta utgravinga

Hausten 1879 byrja dei to tenåringssønene på garden å grave i haugen for å sjå om dei kunne finne noko spennande. Det gjorde dei! Det blei gjeve beskjed til Antikvar Nicolaysen ved Universitetets Oldsaksamling om kva gutane dreiv med og han blei veldig interessert. Våren 1880 sette han i gang med ei arkeologisk utgraving av haugen.

Gravhaugen

Gravhaugen rundt skipet var bygd opp av grastorv. Den var ca. fem meter høg og hadde ein diameter på nesten 45 meter. Sannsynlegvis har haugen vore endå større i vikingtida. Sjølve skipet var grave ned i blåleira. Dei to øvste bordgangane og begge stamnane stakk opp av leira og derfor var dei heilt øydelagt. Elles var skipet uvanleg godt bevart.

Skipet blei sett saman på nytt

Etter utgravinga blei skipet restaurert. Alle delane blei tatt frå kvarandre, dampa og bøygd tilbake til den opphavelege forma. Noko av det originale treverket var i for dårleg stand til å tole denne behandlinga. Desse delane blei erstatta av nytt tre, og er synlege slik skipet står i dag.

Gokstadhaugen slik den ser ut idag. Her tek forskarane ut boreprøver av haugen for å sjå om den skjuler meir informasjon. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/ Rebecca Cannell.

Publisert 18. juni 2014 09:06 - Sist endra 22. apr. 2020 08:07