Kvifor gravla dei sine døde i store skip lasta med praktfulle gåver?

Over Osebergskipet blei det bygd ein stor haug slik at det skulle vera synleg at her var det gravlagd ein viktig person. Kan vi som lever i dag forstå vikinganes tankar om livet og døden?

Oseberghaugen slik den ser ut i dag. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/ Eirik Irgens Johnsen.

Vikingane trudde på eit liv etter døden

Krigarar som døydde i kamp reiste til Valhall, krigsguden Odins store hall. Der skulle dei trene til den siste kampen − Ragnarok. Folk som døydde av sjukdom kom til Helheim i underverda. Dette kan vi lese om i myter og sagaer.

Reisa til dødsriket

Uansett var det viktig å førebu reisa godt. Det var nok derfor kvinnene frå Oseberg blei gravlagde i det store skipet. Skipet skulle føre dei til dødsriket. Det var også viktig å ta med seg dei tinga ein trong i den neste verda. Dess mektigare folk var, dess rikare var gravgåvene dei fekk med seg.

Det var viktig å vise seg fram

Sjølve gravlegginga var også viktig. Tenk deg eit stort opptog med hestar, vogn og sledar. Kanskje kom folk frå nær og fjern for å delta i den storslagne seremonien?

Her er ei fargelagd teikning laga etter biletvevrestar som blei funne i Oseberggrava. Dei som har laga teppet har nok overdrive litt, men opptoget på veg til gravlegginga ved Oseberg kan ha likna på dette. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/ Teikning: Sofie Krafft.

 

Publisert 17. juni 2014 11:19 - Sist endra 22. apr. 2020 08:07