Dei gåtefulle damene i Oseberggrava

På seinsommaren i år 834 døyr det to damer og dei blir gravlagde i eit vikingskip, men kven var dei?

Kopi av seng fra Oseberg

Kopi av seng frå Oseberggrava. © Kulturhistorisk museum, UiO/ Kojan & Krogvold.

To damer i sin beste alder

Arkeologane har samarbeidd med andre ekspertar for å finne ut meir om damene. Dei har studert kvinnenes skjelett og funne ut at den eldste var liten, tjukk og krokrygga og nesten 80 år gamal då ho døydde. Sannsynlegvis fekk ho kreft og døydde av det.  Den andre kvinna var liten og spinkel og litt over 50 år. Ingen veit kva ho døydde av.

Ei av Osebergkvinnenes knoklar. © Kulturhistorisk museum, UiO

Dei gåtefulle damene

Det var veldig få som fekk så flotte graver som Oseberggrava og derfor må damene ha vore veldig viktige og spesielle. Men var dei to like viktige? Eller var den eine kanskje ofra for å følgje den andre til dødsriket? Kanskje var dei dronningar eller prestinner? Var dei i slekt? Og kvar kom dei ifrå? Kanskje har dei til og med kome frå eit anna land? Arkeologane har framleis mykje arbeid att å gjera.

Mange hemmelegheiter

Dei to kvinnene i Osebergskipet skjuler framleis mange hemmelegheiter. Kven trur du at dei var?

 

Publisert 3. nov. 2014 21:42 - Sist endra 22. apr. 2020 08:07