Grava

Rundt år 910 døydde det ein mektig mann. Ingen veit kvifor han døydde, men han blei gravlagd i eit vikingskip og fekk med mange flotte saker i grava.

Tuneskipet

Tuneskipet. © KHM,UiO/ Svein Kojan og Morten Krogvold

Grava

Skipet blei trekt på land og sett ned på leira i undergrunnen. Inni skipet blei det lagt mose og einerbuskar før innsida av skipet blei fylt med leire. Bak i skipet blei det bygd eit gravkammer. Veggane var laga av plankar som blei slått ned i leira utanfor skipet og taket var heilt flatt.

Gravrøvarar

Det har vore folk som har grave seg inn i haugen i gamal tid. Dei har romstert og øydelagt ein del i grava og dei tok nok med seg dei mest verdifulle gjenstandane, slik som smykke og våpen. Likevel blei det funne mange spennande ting i grava.

Kva arkeologane fann

I gravkammeret blei det funne restar av skjelettet til ein mann. Saman med han fann arkeologane restar av tøy og dun som kan ha vore sengetøy slik at den døde skulle liggje mjukt og varmt. Rundt han fann arkeologane eit sverdhandtak, ein spydspiss, ei skjoldbule, restar av ei ringbrynje og eit par perler til pynt. For at han ikkje skulle kjede seg fekk han med eit brettspel og ein terning. Skia sine fekk han også med.

Hestar

Minst tre hestar blei ofra for å følgje med den døde til dødsriket. Avtrykk i leira viser at ein av hestane var støtta opp slik at den stod oppreist. Det kan verke som om vikingane ville at den skulle sjå levande ut. Kanskje var dette yndlingshesten til den døde mannen?

Sjå meir om Tuneskipet

Teikneserie om Tuneskipets siste reis

Publisert 3. nov. 2014 21:19 - Sist endra 22. apr. 2020 08:07