English version of this page

Vikingtida lever – sjå opp for vikingar!

Den nye opplevingsfilmen ved Vikingskipshuset tek deg med på ei unik visuell reise inn i vikingskipets historie. Filmen blir vist kvar dag, tre gonger i timen.

Filmen "Vikingtida lever" vist på takkvelvinga i Vikingskipshuset. Foto: Storm Studios.

Det er Vikingskipshuset og Kulturhistorisk museum som står bak opplevingsfilmen Vikingtida lever. Filmen er ei unik visuell reise inn i vikingtida. Frå vikingskipet blir bygd, til det seglar på fjordar og hav, og til slutt ender som gravskip for ein konge. Filmen blir projisert i takkvelvinga på Vikingskipshuset og gjev publikum ei oppleving av at vikingtida utspelar seg framom augo deira.

– Vi er svært nøgde med resultatet, seier museumsdirektør Håkon Glørstad. Han trur den nye opplevingsfilmen vil trekkje fleire til det som allereie er eit av Noregs mest besøkte museum med ein halv million gjester i året. Sjå ein kort trailer for filmen her. 

Skuggespel og animasjon

Saman med Storm Films har forskarar ved Kulturhistorisk museum laga ei forteljing om eit vikingskips liv. Skipet i filmen er bygd opp med CG-animasjon (datagrafikk) på grunnlag av dagens kunnskap om vikingskip og deira seglareigenskaper. Gjenstandar frå vikingtida driv historieforteljinga framover og biletveven frå Osebergfunnet inspirerer det visuelle utrykket. Slik formidlar Vikingtida lever frå museets rike samling og forsking.

Stig Saxegaard i Storm Studios har arbeidd med datagrafikken i filmen. Han meiner at Vikingtida lever skil seg frå liknande historiske filmar ved at alle detaljane skal ha eit fundament i historisk korrekt informasjon.

– Derfor er det betre å ikkje vise ting enn å vise noko som er feil, seier han. – Vi valde av den grunn å bruke mindre konkrete uttrykksformer som skuggespel og 2D-animasjon i forteljinga for å unngå element som var usikre. Vi har også hatt mogelegheit til å konsultere dyktige fagpersonar, noko vi vanlegvis ikkje har i like stor grad.

Arkitekturen framhevar filmen

Opplevingsfilmen projiserast direkte på bygget, utan lerret. Bilete frå ti ulike projektorar syast saman gjennom projectionmapping, som tyder at ein kler inn eit objekt med projisert bilete med ein eller fleire projektorar. – Arkitekturen påverkar filmopplevinga og forsterkar at det er fleire historier som føregår. Ein får lyst til å sjå filmen fleire gonger for å få med seg alle detaljane. Gjenstandane i rommet blir iscenesett på ein ny måte og kjem i dialog med filmen. Akkurat det finst det ikkje maken til i verda, seier prosjektleiar Kine Liholm.

Prosjektet Vikingtida lever kom i stand etter ei gåve frå Viking Cruises og består av ein opplevingsfilm på fem minuttar og to dokumentarfilmar. Viking Cruises har gjeve museet full fagleg fridom i utvikling av filmprosjektet, som gjev nytt liv og historie til gjenstandane i Vikingskipshuset. Dokumentarane Skipa og Reisene gjev eit innblikk i arbeidet som blir lagt ned for å auke vår kunnskap om vikingane. Filmane følgjer arkeologar og andre spesialistar som søkjer etter svar gjennom forsking og rekonstruksjon.

Aktørar:

  • Storm Films har produsert filmane og Storm Studios står bak CG-animasjon (datagrafikk). Short Cut har produsert lyd. Komponist: Magnus Beite
  • Bravo AV er ansvarlege for teknisk installasjon og programmering. Canon Norge as har levert projektorane.
  • Filmselskapet Hacienda Film har produsert dokumentarfilmane Skipa og Reisene som blir vist i Vikingskipshuset og som du kan sjå her.
Storm Studios har skapt det digitale vikingskipet som blir brukt i ulike miljø i filmen. Foto: Storm Studios.

 

Sjå meir om vikingskipsfunna

                                            
Oseberg                         Gokstad                         Tune

Publisert 22. des. 2016 10:13 - Sist endra 27. apr. 2020 14:51