SENKU-seminar med Leidulf Melve

"Å gå inn i ei anna verd". Religion, sivilisasjon og kommunikasjon i europeiske reiseskildringar frå mellomalderen

Bildet kan inneholde: kunst, tapet, tekstil, maleri, miniature.

Marco, Niccolò og Maffeo Polo som overleverer pavebrev til Kublai khan. (MS Bodl. 264, Part III, f. 220 r.)

Å reise var sjølvsagt ikkje eit nytt fenomen i mellomalderen. Det som derimot var nytt var å reflektere over reisa – i form av reiseskildringar. Denne nye sjangeren reflekterer ei ny kulturgeografisk interesse, men den står nok også i samband med det sterke pavedømmet på 1200-talet. Fleire av dei reisande, især på 1200-talet, var misjonærar, sende ut av pavekyrkja for å kartleggje høve for omvending. Særleg var områda i aust, i Asia, som låg under det ekspanderande mongolriket av stor interesse. Eg vil med utgangspunkt i desse reiseskildringane diskutere somme overordna rammer for dei reisande – rammer knytt til syn på religion, sivilisasjon og kommunikasjon.  

 

Leidulf Melve er professor i historie ved IAHKR, UiB.

Publisert 30. aug. 2019 13:57 - Sist endret 10. sep. 2019 14:13