English version of this page

Det Raude Rom

Det Raude Rom er Kulturhistorisk museums motor for vitskaplege kvantesprang og nytenking når det gjeld utstillingar. Det er den ville tankes rom.

Kulturhistorisk museum fremjar vitskapsforståing i det offentlege rom og driv ein kreativ produksjon av kunnskap som intervenerer den offentlege debatten med fagleg informasjon, overraskingar og provokasjonar.

Med andre ord har Kulturhistorisk museum ei plikt til å dyrke vitskapens kanskje viktigaste mål: Å flytte mentale grenser for kva eit menneske er – på tvers av tid og rom. Denne rolla kan berre oppfyllast gjennom utøving av fagleg mot, kombinert med ein tverrfagleg, leikande og kreativ forskings- og utstillingskultur som byggjer tillit mellom faggrupper.

Det Raude Rom er tenkt som staden, per excellance, der desse verdiane blir sett ut i livet. Namnet det raude rom er tatt frå David Lynchs film Twin Peaks. Det er rommet mellom ulike verder som agent Cooper må reise til for å løyse mordgåta på Laura Palmer. I filmen er dette eit rom der konvensjonell rasjonalitet er sett ut av spel: Stort blir smått, ungt blir gamalt og alle snakkar baklengs. På same måte er Kulturhistorisk museums raude rom tenkt som den staden der konvensjonell vitskaps- og utstillingstenking er sett ut av spel. I Det Raude Rom er alt oppe til debatt og skal undersøkjast for å kome opp med nye kreative tilnærmingsmåtar og løysningar.

Kontakt Kulturhistorisk museums Forskingsråd for spørsmål om opphald i Det Raude Rom. Kulturhistorisk museums tilsette kan søkje opphald.

Spør om opphald

Publisert 18. feb. 2015 13:31 - Sist endra 8. feb. 2021 09:47