English version of this page

Saving Oseberg

Prosjektet dokumenterer tregjenstander frå Osebergfunnet og forskar på konserveringsmetodar for å ta vare på denne ikoniske delen av vår kulturarv for framtida.

Om prosjektet

Osebergfunnet er eit av dei viktigaste arkeologiske funna i Noreg og omfattar verdas mest omfangsrike samling av tregjenstandar frå vikingtida. I dag er tregjenstandane i dårleg forfatning på grunn av konserveringsmetodane som blei brukt for hundre år sidan; etter utgraving i 1904 blei dei mest nedbrotne gjenstandane konservert med alunsalt.

Prosjektet har tre års varigheit (2014-2016) og er ei forsetjing av forskinga som blei starta som Alunprosjektet (Alum Research Project; ARP, 2007-2013) ved Kulturhistorisk museum. Målet for Alunprosjektet var å danne eit vitskapeleg grunnlag for å velje konserveringsmetodar for Osebergfunnet i framtida. Saving Oseberg vurderar alternativa for å behandle og stabilisere gjenstandane frå samlinga, basert på metodar utvikla av Alunprosjektet og andre forskingsgrupper. Det er eit tverrfagleg prosjekt som knyter saman kultur- og naturvitskapelege fagområde for å ta vare på arkeologiske tregjenstandar.

Bildet kan inneholde: .
Konservator Paul Johannessen under alunbehandling av Osebergfunnet i byrjinga av 1900-talet. Forskarar arbeider no for å forstå nedbrytingsprosessane av desse alunbehanda gjenstandene. Foto: KHM/UiO

Mål

Målet til Saving Oseberg-prosjektet er å hindre og/eller stoppe nedbryting av dei alunbehandla tregjenstandane frå Osebergfunnet. Det er viktig å styrke og stabilisere trevirket for å ta vare på tregjenstandane for framtidige generasjonar. Prosjektet fokuserar på fem hovuddelar:

  • Dokumentasjon: dokumentere alunbehandla gjenstandar for framtida.
  • Analyse: analysere nedbrytingsprosessar i alunbehandla tre, inkludert mekanisk og kjemisk karakterisering.
  • Nøytralisering: evaluere og utvikle metodar for å nøytralisere treet og stoppe aktiv nedbryting, inkludert fjerning eller inaktivering av metallion.
  • Konserveringsmetodar: teste eksisterande polymerar og utvikle nye metodar og protokollar for å ta vare på tregjenstandane.
  • Forebyggjande konservering: gjennomføre tiltak for å betre utstillingstilhøva i Vikingskipshuset på lang sikt.

Sjølv om ikkje alle spørsmål vil bli fullstendig besvart i løpet prosjektperioden, er vidare aktivitetar planlagt. Dette vil gje Kulturhistorisk museum mogelegheita til å ta vare på dei alunbehandla gjenstandane frå Osebergfunnet.

Samarbeid

  • KI – Kjemisk institutt, Universitet i Oslo

  • NIBIO – Wood Technology, Norsk institutt for bioøkonomi, Ås

  • DCCI – Department of Chemistry and Industrial Chemistry, University of Pisa, Italia

  • CSGI – Center for Colloid and Surface Science, Firenze, Italia

  • NCMH – The National Centre for Macromolecular Hydrodynamics, University of Nottingham, Storbritannia

Finansiering

Prosjektet blir finansiert av Staten og Universitetet i Oslo.

Kontakt

Prosjektleiar

Forskingskoordinatorar

Deltakarar

  • Sjå prosjektskildringa på engelsk for deltakarliste.

Besøksadresse

Økern Næringspark

Kabelgaten 34

Oslo

Publisert 27. okt. 2016 10:43 - Sist endra 28. apr. 2020 09:15