English version of this page

Antikksamlinga

Kulturhistorisk museum har landets største antikksamling, med gjenstandar frå ulike Middelhavskulturar frå førhistorisk tid til mellomalderen. Gjenstandar av marmor, bronse og andre metall, keramikk, glas, tekstilar og fragment av stukk og mosaikk gjev oss varierte innblikk i antikkens mange kulturar.

Bildet kan inneholde: bryst, skulptur, ansikt, klassisk skulptur, steinkjerring.

Hovud av kalkstein frå romersk tid. Frå Syria, Palmyra.

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Lill-Ann Chepstow-Lusty

Den største samlinga som nå inngår i Kulturhistorisk museums Antikksamling blei bygd opp av den rike, landsforviste russaren baron Plato von Ustinov. Andre viktige donasjonar er frå arkeologane og samlarane Arvid Andrén og Ingvald Undset. I tillegg kjem mindre gåver frå private samlarar frå dei fyrste tiåra etter at historikaren P.A. Munch hadde lansert tanken om eit antikkmuseum i Noreg. Dei fleste offentlege antikksamlingar i Europa og Nord-Amerika blei oppretta på 1800-talet, for å samle gjenstandar frå antikken.

Ustinov-samlinga

Baron Plato von Ustinov var ein eventyrar med store visjonar. Etter ei lang og brokete reise slo han seg ned i Jaffa, dagens Tel Aviv, der han bestemte seg for å opprette eit arkeologisk museum. Hans spesielle interesse var innskrifter, men han samla også skulpturar, gravgods som glas og keramikk, og andre antikvitetar i Midt-Austen på overgangen til det 20. hundreår. Samlinga blei etter Ustinovs død seld på ein auksjon i London. Kjøparane var tre norske forretningsmenn under leiing av Johannes Sejersted Bødtker, som seinare selde samlinga til Etnografisk museum i Oslo.

Andrén-samlinga

Museet overtok Arvid Andréns samling av etruskiske gjenstandar i 2002, etter ynske frå arvingane hans. Andrén hadde bygd opp samlinga medan han var professor ved Lunds Universitet. Han oppheldt seg i lange periodar i Italia, der han gjorde banebrytande feltundersøkingar i etruskiske område. Andrén var ein berømt, svensk arkeolog med sterke band til Noreg gjennom sitt ekteskap med norske Karen (fødd Gulbrandsen), ein slektning av Hans Peter L’Orange, som grunnla Det norske institutt i Roma. Andrén-samlinga er eit viktig tilskot til den faglege breidda i Kulturhistorisk museums Antikksamling.

Undset-samlinga

Pioneren i norsk arkeologi, Ingvald Undset (Sigrid Undsets far), samla gjenstandar i Italia i 1860-åra, og utmerka seg som ein kjennar på ein marknad som den gang florerte av antikvitetar. Undset bidrog til å byggje opp samlinga for Nationalmuseet i København, og arbeidde for opprettinga av ei antikksamling i Noreg. I ein italiensk kunsthandel kom han over meir enn hundre antikke bronsespenner, som han fekk overtalt konsul Peter Petersen til å kjøpe og donere til dåverande Historisk museum. Undsets private samling blei seinare lagt til det som nå utgjer Kulturhistorisk museums Antikksamling.

Utforsk videre

Besøk Unimusportalen for flere gjenstander og foto.

Publisert 14. nov. 2012 18:45 - Sist endra 9. feb. 2021 09:50