English version of this page

Egyptsamlinga

Kulturhistorisk museums Egyptsamling inneheld større gjenstandar som mumiekister og mindre objekt som mumifiserte dyr, figurar av tre, bronse og keramikk, ushabtier, brukskeramikk, gravgods, skarabéar, smykke, pilspissar av flint, tekstilar og papyri. 

Bildet kan inneholde: dyr, ansikt, skulptur, hode, steinkjerring.

Egyptisk skulptur.

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Ellen C. Holte

Dei egyptiske gjenstandane i Kulturhistorisk museums samling har kome som gåver. Dei fleste kom hit på 1800-talet då europeiske museum bygde opp store egyptiske samlingar. Den siste egyptiske gjenstanden kom i 1962.

Mumien Dismutenibtes kom frå Teben. Den blei skaffa av armenaren Giovanni Anastasi, som var norsk-svensk generalkonsul i Alexandria. Mumien blei donert til det Kongelige Frederiks Universitet i 1838.

Mumien som vi kallar «Nofret» kom frå Akhmin. Den blei i 1889 overrekt kong Oscar II av den tyske egyptologen Heinrich Karl Brugsch. Kongen gav mumien vidare til Universitetets Ethnografiske Samling.

Museets største enkeltsamling frå Egypt stammar frå eit massefunn i Deir el-Bahri i 1891. Over 150 prestemumiar var blitt gøymd unna i si samtid. Då dei blei oppdaga var det umogeleg for det egyptiske museet i Kairo å forvalte eit så stort funn. Derfor blei gjenstandane fordelt mellom fleire europeiske land som gåver frå Khediv Abbas II av Egypt. Slik kom to gule mumiekister frå Egypts 21. dynasti til Noreg.

I dag skaffar Kulturhistorisk museum ikkje aktivt gjenstandar frå antikken. UNESCOs konvensjon av 1970 regulerer handelen med kulturminne. Noreg forplikta seg til å følgje konvensjonen i 2007, og norske lover er tilpassa dette.

Vil du sjå fleire egyptiske gjenstandar?

Sjå gjenstandane

Museas fotoportal

Publisert 18. feb. 2015 13:55 - Sist endra 7. apr. 2020 11:56