English version of this page

Etnografisk samling

Det finst 55 000 gjenstandar i etnografisk samling. Den omfattar blant anna ei kongedrakt frå Liberia, kroppsmaske frå Mosambik, samisk kunsthandverk og japanske masker.

Masker frå Ryukyu, Japan. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO

Ville redde verdas mangfald

Sidan Universitetets etnografiske museum fyrst opna dørene for publikum i 1857, har universitetets etnografiske samling vakse til omkring 55 000 gjenstandar. Tilveksten til samlinga var som i andre europeiske land aller størst på slutten av 1800- og dei fyrste tiåra av 1900-talet. Ein gjekk ut i frå at kolonisering og industrialisering ville utradere mykje av verdas materielle mangfald, og musea meinte det hasta med å redde så mykje som mogeleg.

Nordmenn langt heimanfrå

Tilveksten atterspeglar nordmenns engasjement utanfor Europa som oppdagingsreisande, profesjonelle samlarar, diplomatar, sjø- og handelsfolk og misjonærar. Ein god del av tilveksten skjedde også gjennom dubletthandel med europeiske etnografiske samlingar og gjennom innkjøp hjå antikvitetshandlarar og på auksjonar.

Antropologane tok over

Frå 1950-talet har innsamling skjedd i lågare takt og er oftare gjort av profesjonelle sosialantropologar som ein del av deira feltarbeid. Presis informasjon om både gjenstandars opphav og tyding kan vera mangelfull for eldre delar av samlinga der hovudfokuset var å redde det som reddast kunne. Nyare felt- og forskingsbasert innsamling har lagt større vekt på både å få tak i kunnskap knytt til produksjonen, korleis dei var ein del av folks sosiale liv og kva slags førestillingar som er knytt til dei. Museets antropologar gjer eigne innsamlingar med pågåande forsking som bakteppe og aktuelle utstillingar som horisont.

Arbeidet fortset

I løpet av de siste åra har den etnografiske samlinga blitt flytt til eit moderne magasinbygg.

Les meir

Utforsk videre

Besøk Unimusportalen for flere gjenstander og foto.

Publisert 18. mars 2008 11:41 - Sist endra 1. juni 2022 09:25