Theodor Ring

Theodor Peder Amundsen Ring blei fødd i 1866 i Solør, og blei uteksaminert ved Sjøkrigsskolen i Horten som sekondløytnant i 1887, 21 år gamal.

Kaptein Theodor Ring i den norske marines paradeuniform, utsmykka med ordenane han fekk gjennom karriera i den kongelege siamesiske marinen og som velgjerar til den nyleg uavhengige staten Noreg. Ca. 1906.

Deretter segla han til sjøs i ti år på seglskuter i den engelske handelsflåten.

Kaptein i Siams marine

I 1897 la han kursen austover, og blei tilsett som offiser i Den kongelige siamesiske marine. Siams kongar hadde frå midten av 1800-talet sett i gang ei modernisering av landet for at landet skulle unngå same skjebne som nabolanda som var blitt britiske eller franske koloniar. Utanlandske ekspertar innan militærvesen og samferdsel spela ei viktig rolle, blant anna let 16 nordmenn seg verve til den siamesiske marinen.

Ring avanserte til kaptein på fleire av marinens skip, også kong Chulalongkorns eigen yacht, Maha Chakri. I 1900 gifta han seg med Margaretha (Maggie) Weber, dottera til den tyske politisjefen for Siams vestkyst.

Reiser i Antarktis

I 1908 reiste Ring på kvalfangst i Antarktis, der han arbeidde som skipskaptein, men også med å byggje opp og leie ein kvalfangststasjon på den golde øya Kergeulen. Fangsten svarte ikkje til forventingane, og i 1913 reiste han med kona og den einaste sonen, Teddy, til Penang på den malaysiske halvøy, der har blei direktør på ein gummiplantasje. I 1920 returnerte den vesle familien til Oslo. Theodor Ring døydde i 1932.

Samlaren og velgjeraren

Theodor Ring må ha vore ein samlar heilt frå han var liten av. Han vedgjekk i eit brev at han i sin samleiver braut av ein liten bit av Gokstadskipet då han som ung gut vitja utgravinga. I løpet av åra i Siam kjøpte kaptein Ring og kona mange antikvitetar, noko til eigen heim, men fyrst og fremst som gåver til Ethnografisk museum, som i dag er ein del av Kulturhistorisk museum. I 1904 skjenkte han museet ei samling på nesten 200 stykke kongeleg porselen frå Siam. Denne samlinga er unik både i omfang og kvalitet, det finst ingen kjende samlingar av dette fargerike og vakre porselenet utanfor Thailand i dag. Han gav også 50 benjarong-gjenstandar til Kunstindustrimuseet, i dag Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Ring og kona Maggie beheldt også noko porselen sjølve, dette er finst framleis i Theodor Rings familie.

Flaggskipet i den siamesiske marinen, Maha Chakri, der Theodor Ring var kaptein for eit mannskap på over 300 mann.

I 1906 skjenkte kaptein Ring ei samling av små buddhistiske leirsegl og metallplakettar til Ethnografisk museum. 

I tillegg donerte han ei gruppe emaljerte koparkar som blei laga i Canton i Kina på 1800-talet. Dei blei spesialbestilt frå Siam i ei svært avgrensa mengde, for å overrekkjast av Siams konge til munkar som avanserte til ein høg rang innan tempelet sitt. Liknande samlingar finst berre i Bangkok National Museum og i eit av landets viktigaste tempel, Wat Pho.

For desse gåvene blei Theodor Ring tildelt blant anna Kong Oscar IIs fortenestemedalje i gull og han ble slått til riddar av St. Olavs Orden.


Les meir:

Anne Håbu & Dawn F Rooney (ed.),  Royal Porcelain from Siam. Unpacking the Ring Collection.  Hermes Academic Publishing and Bookshop A/S.  ISBN 978-82-8034-200-3.  

 

Av Anne Håbu
Publisert 13. jan. 2015 10:01 - Sist endra 18. nov. 2020 08:40