Kongeleg porselen frå Siam – Benjarong

Bildet kan inneholde: servise, medlem, porselen, steingods, keramisk.

To store krukker med ljose emaljefargar i spennande kombinasjonar. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Kirsten Jensen Helgeland.

Kva er Benjarong?

Navnet Benjarong stammar frå pancha ranga, som betyr fem fargar på sanskrit. Porselenet er sjeldan, men lett å kjenne att dersom ein har sett det tidlegare. Benjarong kjenneteiknast av ei mengde fargar som dekkjer heile overflata, med snirklete planteornamentikk kombinert med figurar henta frå Theravada-buddhismen, Thailands offisielle religion.

Ein eigen kategori av benjarong kallast Lai Nam Thong, som betyr gullvaska. Dette porselenet har ein skinande kvit glasur, ein dekor som gjentek seg, som oftast utan figurar, og er dekorert med gull i tillegg til emaljefargane.

Kongeleg bruk

Ein stor og praktfull bolle med lok. Blomster på gullbotn skild av raude medaljongar med ein stilisert plantedesign som ein også finn att på tekstilar. D: 23,5 cm. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Kirsten Jensen Helgeland

Benjarong blei laga i Kina på 17- og 1800-talet, og var tinga av det siamesiske kongehuset. Det blei laga til bruk for kongen og hans talrike familie, men etter kvart som Siams økonomi voks, blei det også bestilt av rike handelsmenn, høgareståande byråkratar, og medlemmar av landets overklasse.

Porselenet var meint til å brukast, og omfattar servisedelar som bollar med og utan lok til å ete frå, krukker med lok til å halde maten varm, og stettfat for frukt og dessertar. Det var også spyttebakker til beteltygging, og små, vakkert dekorerte krukker til sminke og medisinar, som pryda borda til kongefamiliens kvinner.

Korleis blei Benjarong laga?

Benjarong blei laga på same måte som anna emaljert porselen laga i Kina. Den ynskte forma, for eksempel ein bolle, blei laga av ein pottemakar, som dreidde den på ei dreieskive. Etter tørking blei den duppa i glasur, før den blei brunne i ein stor keramikkomn saman med mange hundre, kanskje tusen andre porselensgjenstandar. Omnen hadde ein temperatur på omkring 1350°C, slik at glasuren ville smelte og fest seg godt til porselensleira, og godset bli hardt og sterkt.

Deretter blei bollen måla med emalje, ein farge om gongen. Emaljen blei laga av ei blanding av knust kvarts, blyoksid og pigment framstilt av metalloksid, for eksempel blei den grøne fargen framstilt av kopar. Etter at målinga var ferdig, blei krukka brunne på ny, denne gongen i ein liten omn, ved ein temperatur på omkring 800–850°C. Dersom ein skulle bruke gull også, blei dette lagt på til slutt, og bollen blei brunne ei tredje gong, ved ein låg temperatur.

Kaptein Rings samling

Det over 100 år gamle arkivkortet som skildrar krukka med manglande knopp på loket. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Kirsten Jensen Helgeland

Denne samlinga blei gjeve til museet i 1904 av kaptein Theodor Ring. Den består av heile 193 delar, i alle fargar og mønster og former som er laga av dette spesielle porselenet. Ytterlegare 40 delar finst i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Det er mange titals bollar med og utan lok, i fleire storleikar, den minste berre fire centimeter høg. Krukkene fins også i mange storleikar, nokre av dei er praktstykke, med flotte fargar og god penselføring. Stettefat er det mange av, nokre små og enkelt dekorerte, medan det største fatet, som er nesten 30 cm i diameter, har ein detaljert og intrikat dekor. Gruppa av små krukker med gulltoppar er veldig sjarmerande, desse stod i dei private romma til dronningane og prinsessene, fylte med sminke, salver, medisin og småting.

Nokre av gjenstandane er skada, er limt eller har ein reparasjon utført ved hjelp av metallklammer, men dei aller fleste er heile og i ein god kvalitet. Denne samlinga er unik både i omfang og kvalitet, det finst ingen kjende samlingar av dette fargerike og vakre porselenet utanfor Thailand i dag.

Les meir

Av Anne Håbu
Publisert 14. jan. 2015 11:12 - Sist endra 11. feb. 2021 08:24