English version of this page

Runearkivet

Dette arkivet rommar norske runeinnskrifter frå så tidleg som midt på 100-talet og fram til 1400- og 1500-talet.

Bildet kan inneholde: rektangel.

Blyplate med runeinnskrift. Frå Ulstad, Lom i Innlandet. 1200/1300-talet. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Mårten Teigen

Runearkivet blei oppretta ein gong på slutten av 1800-talet då dei runologiske delane av Universitetets Oldsaksamlings topografiske arkiv blei skild ut i eit eige arkiv. Arkivet blei brukt av filologar som Sophus Bugge og Magnus Olsen i deira utforsking av norske runeinnskrifter. Arkivet fekk ein fast leiar i 1948, Aslak Liestøl. I åra 1985-2017 vart arkivet leia av James E. Knirk. Leiaren av arkivet har hatt redaktøransvar for korpusutgåva Norges Innskrifter med de yngre Runer. I perioden 1986-2004 stod arkivet for utgivelsen av tidsskriftet Nytt om runer.

Bildet kan inneholde: skulptur, standing, statue, kunst, metall.
Menneskefigur av bronse, med runeteikn frå eldre futhark. Frå Frøyhov, Nes på Romerike i Viken. Eldre jernalder, omtrent 160-210/220. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Kirsten Jensen Helgeland

For tida blir det arbeidd med å innlemme runearkivets dokumentasjons- og forskingsarkivaliar i KHMs arkiv, digitalisering og tilgjengeleggjering av arkivaliane. Fagleg ansvarleg for runearkivet er Kristel Zilmer.

Omfattande arkiv om runer

Runearkivet er eit landsdekkande arkiv for opplysningar om dei over 1600 til nå kjende norske runeinnskrifter frå så tidleg som midt på 100-talet og fram til 1400- og 1500-talet. Det inneheld dokumentasjons- og forskingsarkivaliar (bilete, teikningar, avtrykk, innmeldingar, skildringar, notat, manuskript, databaseregistreringar osb.), samt særtrykksamlingar. Arkivet rommar også forvaltingsarkivaliar for runegjenstandar i museets arkeologiske samling eller frå museets arkeologiske forvaltingsdistrikt. Arkivet samlar i tillegg inn opplysingar om etterreformatoriske og moderne runeinnskrifter.

Kontakt

Professor Kristel Zilmer

Publisert 14. nov. 2012 19:03 - Sist endra 1. juni 2022 09:25