English version of this page

Kulturarv, innovasjon og landskap i krise

Kulturhistorisk museums samlingar og forskingskompetanse, gjer tverrfaglege problemstillingar knytt til kulturarv, innovasjon og landskap i krise til naturlege satsingsområde.

Bildet kan inneholde: himmel, atmosfærisk fenomen, fjellrike landformer, fjellkjede, tann.

Tibetansk landskap. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Inger Kristine Vasstveit

Gjenstandar som blir definert som delar av ein kulturarv blir gjeve nye mytiske og ideologiske verdiar som museale objekt. Dei er delar av eit større politisk og økonomisk bilete med ulike perspektiv og fortolkningar.

Museale objekt representerer til ein stor del kollektive forteljingar, men vitnar også om individuelle handlingar som har brote, eller bryt normer, og legg fram nye verdiar, i strid med etablerte tradisjonar.

Innovasjon er blant dei viktigaste årsakene til sosial endring, i form av utvikling av ny teknologi og nye møtepunkt mellom ulike kulturar og religionar. I møte med fundamentale endringar i klima og levevilkår, oppstår kollektive behov for å utvikle nye sosiale og teknologiske strategiar i eit langtidsperspektiv.

Nye, globale samfunn krev fri tilgang til både spissa og tverrfagleg kunnskap, og Kulturhistorisk museum deltek i internasjonale nettverk der digitale metodar tilpassa nye behov blir utarbeidd. Dei nye metodane gjer det mogeleg å utvikle databasar med kartbaserte grensesnitt og å gjera heile samlingar tilgjengelege på internett, dette må skje i samspel med etiske prinsipp for kunnskapsgenerering innan humaniora og samfunnsfag.

Satsingsområde 1, Forsømt, lovprisa og fornya: Tingas og stadanes tyding

Bildet kan inneholde: skjønnhet, svart og hvit, monochrome, photography, monokrom fotografering.
Rekonstruksjon av Madonna fra Hedalen. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Eirik Irgens Johnsen.

Vår tingverd og våre materielle omgjevnader er ein unik innfallsport til forståinga av økonomiske, teknologiske og politiske strukturar så vel som sosiale mekanismar og relasjonar, men også til haldningar og emosjonalitet. Eit sentralt omgrep for dette satsingsområdet er meiningsdanning. Tydninga av gjenstander og stadar er ikkje gjeve, dei blir meningsfulle gjennom å inngå i ein kulturell praksis og kontekst. Gjenstander og stadar blir gjeve verdi gjennom å vera berarar av kollektive historiar, og som representantar for status og historiar. Dei kan også fungere som reiskap i kunnskapsbyggjing og overlevering av identitet og kollektive ideal. Gjenstandar og stadar kan også vurderast som overflødige eller verdilause.

Verdsetting og verdiløyse

Både verdifulle og verdilause objekt sirkulerast og resirkulerast i tid og rom, og skiftar ofte meningsinnhald undervegs. Verdsetting, og det motsatte - verdiløyse - skapast gjennom ei rekkje store og små praksisar, som historieforteljingar, rituelle handlingar, inskripsjonar, men også det motsatte, ved å bli unngått, og i enklaste forstand, kasta. Gjenstandar og stadar blir ikkje berre kategorisert og tatt i bruk (eller ikkje tatt i bruk), dei medverkar også i seg sjølv i dei samanhengane dei blir gjort del av, i kraft av sin materialitet og sanselegdom, og gjennom dei narrativer som dei blir del av, og som har blitt ein del av dei.

Tilnærmingar til materialitet inkluderer:

  • Produksjon og forbruk
  • Teknologi og kunnskapsoverføring
  • Rituell og religiøs praksis
  • Politiske og økonomiske ideologiar
  • Materialitet, sanselegdom, estetikk
  • Museologi, verdsarv og kulturarv

Meiningsberande kulturarv

KHMs omfattande arkeologiske og etnografiske samlingar, og museets rolle som forvaltar av kulturarv, er ein vesentleg del av arbeidet for museets ansatte.

Ein stor del av museas kjeldemateriale er det vi i dag vil karakterisere som avfall, som er etterlatt av fortidas menneske. Samtidig forvaltar museet kunstneriske eller særskild viktige gjenstander som har hatt stor verdi for samfunna som produserte dei og for menneska som brukte dei. Mange av desse gjenstandene får ein styrka verdi når dei seinere blir definert som delar av ein kulturarv, og blir gjeve nytt mytisk og ideologisk innhald som utstillingsobjekt i ein moderne kontekst.

Som museale objekt og kulturarv får gjenstandene i dag ein aukande økonomisk og politisk utfordring.

Databasar med kartbaserte grensesnitt kombinert med heildigitale arkiv og 3D- og fotogrammetrivisualiseringar gjer ein form for virtuell repatriering mogeleg, men skaper også nye utfordringar. Slike utfordringar kan vera knytt til dei historiar vi fortel med det vi samlar og stiller ut, og korleis vi gjer vår kulturarv meiningsfull i høve til eit samfunn i endring, der interaksjonen mellom media og publikum blir stadig tettare.

Formidling og tilbakeføring

Nettbaserte utstillingar, katalogar og basar er viktige grep i høve til tilbakeføringsarbeid knytt til source communities og til nye måtar å dele samlingar på, også knytt til andre museum. 3D-skanning og fotogrammetri er tema som kan knyttast til gjensidige kunnskapsgenererande prosessar i tilhøve mellom forskarar, publikum og folkesetnaden i områda der gjenstandane kjem frå, men også til nye versjonar av kopianes rolle i museologisk samanheng. Andre utfordringar kan knyttast til postkolonielle prosessar som rommar innbyrdes kunnskapsgenerering og inkludering av lokal kunnskap og lokale aktørar, som ein del av den kunnskapen eit museum skal ivareta (immateriel kulturarv).

Digitalisering og tilgjengeleggjering av gjenstander som opne data og i tilrettelagte web-portalar reiser nye spørsmål knytt til kva som kan visast fram, og korleis, og dei etiske retningslinjene må presiserast og fornyast i takt med utviklinga.

Satsingsområde 2, Entreprenøren – mellom tradisjon og struktur

Bildet kan inneholde: utskjæring, steinkjerring, dekk.
Utsnitt av 3D-skann av ein av dyrehovudstolpane fra Oseberg. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Bjarte Einar Aarseth. 

Kan eit enkeltmenneskes handlingar føre til samfunnsmessige endringar? Eller er slike endringar fyrst og fremst drive fram av djuptliggande sosiale og kulturelle strukturar? Svaret kan ikkje vera eit anten eller, men søkjast i det dynamiske og intrikate tilhøvet mellom individ og samfunn. Dette grunnleggande temaet i samfunnsmessig og humanistisk forsking må stadig vurderast med nye auge. Temaet blir aktualisert av prosessar og tema som pregar vårt eige samfunn: Kva skjer når menneske migrerar inn i nye samfunn? Kva skjer når ulike religionsformer og verdssyn møtast? Korleis kan ny teknologi eller nye møtepunkt føre til omfattande økonomisk og sosial endring? Sentralt i desse endringane står ofte enkeltindivid, som utfordrar vante mønster og som ser nye mogelegheitar.

Mentalitetar og teknologi

Utforskninga av dette temaet handlar om å utfordre sjablongmessige oppfatningar av mennesket. Sjablongane står seg dårleg i møtet med verkelegheita. For eksempel viser det seg at homo economicus som alltid søkjer profitt ikkje lar seg finne att ved undersøkjingar av faktiske samfunn og kulturar. Individ som utfører økonomiske handlingar må sjølv oppfatte dei som meningsfylte, og menneske finn meining i kultur, ikkje i ahistorisk nyttemaksimering. Derfor er kunnskap om kulturelle normar og verdiar, mentalitetar og ideologiar, samt gjenstander og teknologiar nødvendig i økonomiske analyser. Like fjernt frå det verkelege liv er homo societatis, som innrettar seg fullstendig etter kulturens normar og verdiar. Mange avvik i liten grad eller i skjul, men i alle samfunn finst også individ som opent vågar å gjera det ugjerlege. Nokre utfordrar autoritetar, andre bryt normar for økonomisk åtferd, og enkelte trossar familiens ære og set livet på spel for kjærleikens skuld.

Normar og nye verdiar

Handlingar som bryt normar og stiller opp nye verdiar er blant dei viktigaste årsakene til samfunnsmessig endring. Derfor må studiar av endringane byggje på eit breiare syn på mennesket enn det som kun omfattar eksisterande normar, verdiar og åtferdsmønster. Det må også kunne inkludere menneska som valde å handle innovativt og utradisjonelt, og som dermed flytta dei sosiale og kulturelle grensene for aksepterte handlingar – vi kaller dei entreprenørar. Å oversjå entreprenørar i analyser av samfunnsmessig endring er, med orda til den amerikanske økonomen William J. Baumol, som om “the Prince of Denmark [had] been expunged from the discussion of Hamlet.”

Samfunnsmessige endringar

KHMs forskarar møter stadig kimene til og konsekvensar av samfunnsmessig endring i sitt arbeid, og må vurdere tilhøvet mellom entreprenør, tradisjon og struktur. Dei historiske fagas langtidsperspektiv og sosialantropologiens møte med globaliseringsprosessar, plasserar temaet om samfunnsmessige endringsprosessar direkte innanfor forskaranes synsfelt. Den empirien KHM forvaltar, som er bringa fram gjennom omfattande feltarbeid og halde ved like i unike arkiv og gjenstandssamlingar, blir dagleg utvida gjennom innlemming av nye funn og gjennomføring av naturvitskapelege analysar, 3D-scanningar etc. av gjenstandar. KHM forsterkar arbeidet med å strukturere desse datamengdene, og gjer dei tilgjengelege for forskarar og allmenta gjennom innovative og brukarvenlege nettløysingar.  Velstrukturerte og tilgjengelege data av høg kvalitet gjev forskninga ved KHM ein særprega profil som er særleg egna til å utfordre eksisterande innsikter og teoriar, og å utvikle nye.

Satsingsområde 3, Landskap i krise. Busetnad og omgjevnad

Bildet kan inneholde: highland, kropp av vann, natur, tarn, vannforsyning.
Steinalderlokalitet ved Kolsfettangen, Hol, Buskerud. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Elizabeth Skjelsvik

Verda er prega av store endringar i klima og landskap, ein kontinuerleg prosess som nå er meir dramatisk enn nokon gong sidan istida for 12 000 år sidan. Til saman gjev arkeologiske og antropologiske tilnærmingar innsikt i både nære og langsiktige konsekvensar av klimaendringar.

Omleggjing, tilpassing og busetjing

Eit langtidsperspektiv kan gjera det mogleg å spore korleis rask isavsmelting og landheving i steinalderens kystlandskap stimulerte kulturell kreativitet. Dramatiske flaum- og rassituasjonar kan krevje omleggjing og tilpassing. Busetjing- og klimakrisa på 500-tallet kravde også endring, og dette kan ha lagt grunnlaget for busetjingsstrukturen i Skandinavia fram til 1800-tallet. For arkeologiske perspektiv er det interessant å spore dei intensjonelle og ikkje-intensjonelle følgjene av store endringar, som for eksempel jordbrukets framvekst og omfattande nyrydding.

1970-tallets «deterministisk» økologi og geohistorie, der mennesket blei oppfatta som ein passiv refleks, «fanga» av omgjevnadene, har blitt erstatta med perspektiv der mennesket blir sett som en handlingsaktør i tid og rom som påverkar omgjevnadene, perspektiv som inkluderar det dynamiske, heterogene samspelet mellom menneske, landskap, dyr og andre ikkje-menneskelege vesen.

Klimaendringar og krisar

Dagens klimaendringar krev ny kunnskap om menneskeslekta i krisesituasjonar. Både antropologisk og arkeologisk kunnskap kan gje innsikt i korleis menneske taklar kriser. Ved KHM finst allereie eit stort datamateriale som kan brukast til å utforske kjende endringsprosessar, medan nytt innsamla materiale frå utgravningar, og også antropologiske studier kontinuerleg opnar for nye spørsmål. Materialet kan kaste ljos over kriser og kulturelle kursendringar, men også stabilitet og mønster av lang varigheit. Arkeologiske studier kan gje innsikt om kva sosiale og teknologiske strategiar som har blitt brukt i møte med fundamentale endringar i klima og levevilkår, og om desse kan karakteriserast som suksessrike i eit langtidsperspektiv.

Antropologar ved KHM på si side har stor kompetanse på samspel mellom menneske og omverda, og dei komplekse relasjonelle nettverka som desse er ein del av.  Korleis folk forstår naturen, og kva som gjer den til konstant eller noko som er i endring, er viktige delar av det antropologiske virke. Og også endringar i ressursgrunnlag, og konsekvensane dette får for økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle relasjonar.

Fortid og nåtid

I krisetider er tverrfagleg tilnærming til naturtilpassingar særleg signifikante. Arkeologi og antropologi utfyller kvarandre som studier av fortid og nåtid.  Samtidig kan naturvitskaplege metodar gje ei betre forståing av utviklinga av vegetasjon og faunaliv, og kan kaste ljos over korleis omgjevnader har blitt endra og forma blant anna som følgje av menneskeleg aktivitet i fortida.

Frå eit arkeologisk synspunkt kan kunnskapen frå gjenstandsmaterialet kompletterast ved hjelp av visualiseringsverktøy som geografiske informasjonssystem (GIS), fotogrammetri og LiDAR. KHMs utvikling av kartbaserte grensesnitt vil kunne gjera databaser til virtuelle arenaer som viser landskapsendringar, og korleis dei har oppstått og oppstår. På same måte skal digitalt feltmuseum vera eit forum der samlingane blir tilgjengelege for forsking og formidling i felt, og der feltbasert kunnskapsgenerering kjem direkte inn til museet, og blir svara på av forskinga på relaterte gjenstander.

Naturtilpassingar i tid og rom

For antropologar er digitale verktøy både eit forskingsfokus og eit kunnskapsutvekslingsverktøy. GIS inngår i enden av ei lang rekkje kartleggingspraksisar som i menneskets historie har hatt store politiske og økologiske konsekvensar, og som i dag er ein viktig aktør i den moderne forvaltinga av natur og landskap. Samtidig er den etnografiske gjenstandsbasen, på same måte som dei arkeologiske basane, ei kjelde til komparative studier av naturtilpassingar, både i tid og rom. Digitale verktøy blir brukte til å utveksle informasjon både mellom andre museum og med source communities.

Publisert 18. feb. 2015 13:15 - Sist endra 9. feb. 2021 10:01