Forskar Grand Prix 2011

Forskar Grand Prix er ein formidlingskonkurranse der stipendiatar formidlar forskinga si. I 2011 presenterte Mikkel Christensen byrjinga på den biomimetiske forskinga, som nå er ein viktig del av Saving Oseberg.

I Oslo var det to innleiande rundar der deltakarane presenterte forskinga si på fire minuttar. Presentasjonen her er frå den andre delfinalen den 18. juni 2011, som Mikkel Christensen vann. Presentasjonen blei gjentatt ved Oslofinalen den 24. september og på landsfinalen den 2. oktober. Landsfinalen blei halde på Den Nationale Scene i Bergen der dei ti beste formidlerane frå landet møttest. Sjølv om Mikkel ikkje gjekk heilt til topps i finalen, hadde han ei god oppleving saman med dei andre formidlerane og fekk ikkje berre erfaring med å stå på ei scene, men også profilert prosjektet på eit nasjonalt plan.

Les meir

 

Publisert 31. juli 2014 13:45 - Sist endret 11. jan. 2021 08:44