Osebergfunna i 3D

Publisert 14. okt. 2013 14:46

Hovudet er mest sannsynleg eit fragment av ein større gjenstand, og er brote av ved halsens byrjing. Dyret har open kjeft med synlege tenner, og ein tydeleg snute. Lengda er 4,3 cm og breidda er 3,8 cm.

Publisert 14. okt. 2013 14:19

Fat eller ause av tre. Forma er oval, med eit sikksakk-dekorert skaft i den eine enden, og to dyrehovud stilt mot kvarandre i den andre. Berre det eine dyrehovudet er intakt. Lengde mellom ytterkantane er ca. 36 cm og breidda ca. 18 cm.

Publisert 14. okt. 2013 14:18

Ein liten, låg kopp av bjørk, som var full av små frø då den blei funnen. Koppen er ca. 8 cm i diameter og ca. 4 cm høg.

Publisert 11. okt. 2013 14:26

Trestykkets største tjukkleik er 8,5 cm, og mot begge endar smalnar den av til ein tjukkleik av 2,5 og 3 cm. Stonga har ei runeinnskrift som med våre bokstavar seier "litiluisan". Tolkinga er usikker, men det eine ordet er litil, oldn. litil = liten. Eit anna ord kan vera uis, slik at det står "som veit lite". Innskrifta har mest sannsynleg ikkje blitt fullført. For 3D-versjon sjå nedanfor.

Publisert 11. okt. 2013 12:42

Dette er eit forseggjort stykke tre, omtrent 22 cm lang og omtrent tre cm på det breidaste. Oversida er krum og undersida flat. Midt på er det skore ei omtrent fire centimeter lang slisse. I begge endar er det skore ut eit hundehovud. Heile utforminga er laga for å sjå den rett ovanfrå. Det kan verke som om trestykket har vore festa til noko anna. For 3D-versjon sjå nedanfor.