Biletskjerarverkstaden på Vikingskipshuset

Allereie i 1906 starta arkeologen Gabriel Gustafson, som leia Osebergutgravinga, opp arbeidet med å få kopiert ein del av dei fint utskorne gjenstandane frå Osebergfunnet. Føremålet var å lage sikringskopiar i tilfelle noko skulle hende med originalane.

Treskjerar Sverre G. Sundby. Foto: Eirik Irgens Johnsen, KHM/UiO

Foto: Eirik Irgens Johnsen

Jørgen Eriksen blei den fyrste biletskjerar som arbeidde med kopieringa. Han heldt fram til 1908. Etter at Jørgen Eriksen døydde, vart det ikkje skore meir før Sverre G. Sundby vart engasjert på 1950-talet. Erik Fridstrøm overtok verkstaden deretter og han hadde totalt to lærlingar. Den eine av dei var Bjarte Aarseth som vart tilsett som lærling av Oldsaksamlinga i 1983.  Etter den tid har verkstaden hatt ein lærling og fleire hospitantar. Med Aarseth som opplæringsansvarleg så har KHM hatt ein lærling med ferdig avlagd sveineprøve, ein som arbeider med sveineprøva hausten 2012, to hospitantar og diverse kurs for spesielt interesserte.

Det har vore ei markert utvikling i verksemda ved verkstaden sidan Jørgen Eriksen starta med å lage sikringskopiar av Akademikaren, Barokkmeistarens to dyrehovudstolpar og Barokkmeistarens komplette slededrag. Det som før var sikringskopiar og som låg trygt forvara i magasinet på Historisk museum, er no nesten kontinuerleg på utlån til andre institusjonar over heile kloden. Dette har ført til at det er ein stadig mangel av kopiar til utlån. Dette gjeld spesielt dyrehovudstolpane, slik at ein kontinuerleg og effektiv produksjon av desse hadde vore ynskjeleg. Det hadde og vore det beste for å halde den spisskompetansen som krevjast for å lage desse kunstverka optimal og i god ”trim”.

Eirik Fridstrøm
Treskjerar Eirik Fridstrøm. Foto: KHM/UiO

No som forskinga syner kor dårlig tilstanden er for gjenstandane frå Osebergfunnet, er det viktigare enn nokon sinne at det vert laga sikringskopiar av dei. I framtida vil det vera viktig at det vart laga gode kopiar i dag. Sjølve arbeidet med kopieringa gjev oss òg stadig ny kunnskap om både om gjenstandane og om korleis dei var laga.

Kopiane har sin faste plass i museets magasin på Historisk Museum eller Vikingskipshuset. Enkelte av kopiane, for eksempel dyrehovudstolpane, er sjeldan innom magasina då dei er stort sett lånt ut til andre institusjonar til utstilling. Med unntak av ”Barokkmeisterens siste dyrehovudstolpe” som sjeldan er lånt ut.

Kopiane våre er sjeldan utstilt for publikum i vår eigen institusjon, med unntak løvehovudstolpe nr. 174 og Osebergvogna, som blir oppbevart i magasinet på Vikingskipshuset. Desse vert synt fram på førespurnad til særskild interesserte.

Kopiane av middelaldergjenstandar er lagra i museets magasin, men er med jamne mellomrom lånt ut til institusjonar. Kopiar som ofte er på utlån er mellom anna Hylestadportalen, kyrkjebenk frå Torpo og masker frå Sigdal.

 

Bjarte Aarseth
Treskjerar Bjarte Aarseth. Foto: Lill-Ann Chepstow-Lusty, KHM/ UiO

Les meir om Dokumentasjon

Av Bjarte Aarseth
Publisert 12. nov. 2012 17:59 - Sist endra 9. feb. 2021 13:57