Osebergfunnet blir dokumentert

Den eksisterande dokumentasjonen av Osebergfunnet består i hovudsak av foto, skisser og teikningar frå utgravinga i 1904 og det fyrste rekonstruksjons- og konserveringsarbeidet som stort sett blei gjort på fyrste halvdel av 1900-talet. Mange gjenstandar er berre dokumentert gjennom skildringar i katalogteksten. No blir dei alunkonserverte gjenstandane dokumentert på nytt.

Bildet kan inneholde: teknologi.

Dokumentasjon av Oseberggjenstandane. Foto: KHM/ UiO.

Dokumentasjonen har tre mål:

  • Best mogeleg dokumentasjon av gjenstandane i tilfelle nedbrytinga ikkje kan stansast, og at det er ein risiko for at dei kan gå tapt.
  • Skape datagrunnlag for å vurdere eventuelle endringar i gjenstandanes eksisterande tilstand.
  • Å kunne bruke data vidare i formidling, både når det gjeld 3D-presentasjonar på elektroniske medium og ved konstruksjon av kopiar.

Her kan du sjå eit utval 3D-bilete

Les meir om dokumentasjon

Publisert 31. okt. 2012 10:00 - Sist endra 11. jan. 2021 08:44