English version of this page

Mongoliasamling får internasjonal merksemd

I 2016 overtok Kulturhistorisk museum samlinga etter den norske eventyraren og handelsmannen Oscar Mamen. Museet starta straks å digitalisera samlinga for å kunna forska på henne. Sjølv før KHM overtok samlinga, har ho vekt stor interesse i utlandet.

Bildet kan inneholde: fotografi, transportmiddel, mennesker, motorkjøretøy, kjøretøy.

Oscar Mamen (til høgre) med venene sine Lobsen Yantsang og P. P. Burin utanfor ein ger (russisk: yurt). Ulan Bator 1912.

Oscar Mamen kom fyrste gong til Mongolia i 1911. Opphaveleg skulle han selje sigarettar for The American Tobacco Company, men fann fort ut at mongolane føretrekte sine tradisjonelle tobakkspiper. Oscar Mamen fikk difor mykje tid til andre ting, som å læra seg mongolsk og ta del i mongolsk kvardagsliv og festivitetar. Han lærte seg ulike språk, var kjentmann og rådgivar for den mongolske eliten og utenlandske interessar. Oscar Mamen jakta både villt, kulturelle hendingar og etnografika. Oscar Mamen tok med seg den tids moderne fotografiutstyr på reisene sine. Dei fleste fotografia frå Mongolia er tekne mellom 1911 og 1923, som er eit unikt tiår i mongolsk historie.

Sovjetisk undertrykking

Berre veker etter Oscar Mamen kom til Mongolia for fyrste gong, fall det kinesiske Qing-dynastiet som hadde herska over Mongolia sidan 1600-tallet. Mellom 1911 og 1923 var Mongolia eit sjølvstendig land, og nasjonal kultur blomstra. I 1923 blei Mongolia sovjetisk og mykje av den gamle kulturen blei undertrykt. Mongolsk sjamanisme og buddisme vart forbodne. Tradisjon og lokale skikkar skulle ikkje lenger praktiseras. Enkelte gonger vart materiell kultur øydelagt eller brent.

Etter Sovjetunionens fall i 1990 har Mongolia forsøkt å finna tilbake til røtene sine. Diverre finst lite materiale igjen. Få av innbyggarane kunne skrive og tilgangen til fotografiutstyr var begrensa då Oscar Mamen reiste i landet. Difor har samlingar etter europearar som var til stades og dokumenterte perioden frå 1911 til 1923, vorte viktige for mongolane og Mongoliaforskarar over heile verda.

Forsking på arven

Då Oscar Mamen døydde i ein bilulykke i 1955, etterlét han seg ei stor samling fotografi, eit upublisert manuskript, fleire reisedagbøker og 500 etnografiske gjenstandar. Doktorgradsstipendiat ved Kulturhistorisk museum, Maria Kartveit, er tilsett for å forska på samlinga, rettleia av Gro Ween på Seksjon for etnografi, numismatikk, klassisk arkeologi og universitetshistorie (SENKU) og Ingjerd Hoëm frå Sosialantropologisk institutt (UiO).

Mongolias president, Khaltmaagiin Battulga, studerer bileta frå museets Mongoliasamling.

Interessa frå utlandet nådde eit høgdepunkt tidligare i år. I januar 2020 var den mongolske presidenten, Khaltmaagiin Battulga, på offisielt statsbesøk i Noreg. Presidenten uttrykte eit særskilt ynske om å vitja samlinga etter Oscar Mamen. President Battulga vart begeistra for den rike dokumentasjonen frå Mongolia, og tildelte KHMs stipendiat Maria Kartveit presidentens eige forskarstipend til vidare arbeid med samlinga.

I Mongolia arbeider Det mongolske vitskapsakademiet allereie med å trykkja to praktbøkar med bilete og gjenstandar frå samlinga. Historisk museum i Ulan Bator planlegg ei Oscar Mamen-utstilling i løpet av 2020. Institutt for mongolske studiar jobbar med å omsetje Mamens manuskript til mongolsk. Nesten eitt hundre år etter at det vart skrive, vil Oscar Mamens manuskript bli utgitt i Mongolia.

Den digitaliserte samlinga gjer det mogleg for andre antropologar og historikarar å forske på samlinga på nye måtar. Kulturhistorisk museum arbeider mellom anna saman med forskarar frå Museet for antropologi og arkeologi i Cambridge, Universitetet i St. Petersburg og Universitetet i Aberdeen.

Bildevisning
Publisert 8. apr. 2020 10:25 - Sist endret 23. sep. 2020 08:42